torsdag, juni 24, 2010

Vermelding 24.juni 2010

Klokka er 13.45, temperaturen + 17 grader C, og det er skiftande ver. Akkurat no held sola på å bryte gjennom, men for ei lita stund sidan regna det. Men temperaturen er bra, og det blæs ikkje, så det er fint å vere ute og jobbe. Føremiddagsjobben i dag var å rydde bort veden som var under altanen, Nils kjørte den i trillebår opp i garasjen. Eg reinska litt ugras, raka og spyla kjellarmuren m.m. Vi har ikkje så store ambisjonar når det gjeld hagen, men vi prøver å halde litt orden om ikkje anna.
Syrinen til naboen blomstrar endelig, ca ein mnd. etter skjema.Nils skal på møte klokka 16, men før det skal vi nedover på biblio og hente Knausgård+ handle litt på nærbutikken (Kiwi).
Har sjekka boka mi om gamle merkedagar og der står det om St. Hans: "Været for denne dagen ga varsel for resten av sommeren; regn tydet på en våt høst"-----Nokså tvetydig spør du meg.

1 kommentar:

solveig sa...

Graset veks i alle fall no. Bøndene her klagar på at dei må til å kjøpe for til vinteren...

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...