fredag, mars 12, 2010

Guten har fått namn.


Dette bildet er tatt i dag. Han ser kanskje litt gul ut, men det er ikkje noko som feilar.(Det er vel heller noko som har med fotoapparatet å gjere).Han er ein snill og fredelig gut, så langt, og no har han fått namnet Ingar.Han er ikkje oppkalla etter nokon, og han får eit namn som ikkje heng på alle. Namnet skal bety noko slikt som "Han som vernar guden Ing"- eller noko i den dur. Det er i alle fall eit norsk namn, og vi likar det.

4 kommentarer:

solveig sa...

Fint namn på ein fin gut!

arieldog sa...

Einig! Når mitt namneforslag vart "vraka", var Ingar eit godt alternativ :)

Hildegard sa...

Skodespelaren som spelar Jan O Høiby heiter Ingar Helge (Gimle). Så det er kjendisar også som har dette namnet.

Bjørg sa...

Fin gut! Han liknar jo mykje på deg då.
Eg kjenner ein som heiter Ingar i Larvik. Han er i morslekta til Hans. Frå Vedelda.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...