fredag, mars 12, 2010

Vermelding 12.mars 2010.

Klokka er ca 12.00. Ute er det lette snøbyger;vinteren vil ikkje sleppe taket , ser det ut til.
Temperaturen er +2-3 grader.
Nils har brukt mykje av føremiddagen til å reparere båtmotoren. Som tidlegare maskinist stiller han ikkje heilt blankt.Han har litt vondt i ein fot etter ro-turen i går, men elles har han ikkje noko mein.

Eg har brukt tid på å legge inn eit gratis antivirus-program frå Sparebank 1.Cecilie la det inn på den stasjonære, men eg ville ha det på laptoppen også. La meg seie det slik: Det hadde lønt seg tidsmessig å lese instruksjonane i staden for berre å trykke vilt.Det var eigentlig veldig enkelt.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Mykje kjekt å lese på bloggen, har ikkje vore innom på nokre dagar. Godt at fiskaren er i gong igjen og Ingar var eit fint namn på ein fin gut. Antivirusprogrammet ditt er nok truleg det mange bankar brukar. Viktig å slette gamalt virusprogram før ein legg inn nytt! Du er flink å pynte på bloggen din, skulle ha lært meg nokre triks der.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...