lørdag, januar 16, 2010

Vermelding 16.januar 2010



Bilda er tatt klokka 10.45.Då var temperaturen + 2 grader C

Det er eit stadig tilbakevendande tema i nabolaget kva tid vi "får sola." Men det er noko som er vanskelig å kontrollere, fordi det ikkje er klårver KVAR dag, og fordi vi kanskje definerer litt ulikt. Eg hevder å kunne dokumentere at vi får sola 18.-19. januar. Då meiner eg at vi ser heile solauget.
I dag såg vi ein del av sola og det skein litt inn på veggen.Eg vil kalle det ein liten forsmak.

2 kommentarer:

Elin sa...

Godt med mildver, her er 0 grader i dag, og det kjennest fantastisk. Eg er ikkje glad i kulde i det heile, sjølv om eg tykkjer det er vakkert med dei kjempestore snøkrystallane som blinkar. Her kjem vel første solstrålane om ei vekes tid. Skal bli godt!
Korslaget har eg ikkje sett på, tv-en vår står litt avsides på loftstova, og det har ikkje blitt tid til tv-titting på lenge. Men skal prøve å kome meg innpå, eg er jo glad i kor. Ha ei fine helg! (eg må berre ha med den svarabaktivokalen, du veit...)

Besta sa...

Svarabaktivokalen er litt mindre utbreidd(e) her enn i Nordfjord.Men eg har budd eit år i Sunnfjord......
God helg til dokke også.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...