fredag, januar 15, 2010

Det store korslaget 2.

Stadig nokon som oppmodar om å stemme på Team Simone? Dei er flinke, og syng godt.
Mulig det, men kva med låtvalet? Ein utsliten GP-melodi og ein nordnorsk solist.........Bånn spør du meg!!!! Dette utfordrar verken kor eller publikum.Det blir berre platt om dei syng aldri så bra.
Tuva er flink, men eg kan fostå at publikum ikkje tenner på den folkemusikken i denne settinga.
Favorittane mine er som før Joddski og Aage.Men heller ikkje dei var på topp i kveld etter mi meining.
Var litt skuffa over programmet i kveld, for eg synest solistane fekk for stor plass og koret vart redusert til "bakgrunn"- det er jo eit "korslag". Og det med å hente ein solist utanfrå synest eg var ein ekstremt dårlig idé.
Dette er sjølvsagt mi særdeles subjektive meining. Ikkje har eg særlig god greie på kor heller, så eg skriv dette eigentlig berre for å provosere.
PS: Eg kan gjerne stemme på Simone, men då må ho komme med nokre sprekare songar!

5 kommentarer:

solveig sa...

Og vi let oss provosere? ;-)
Enig med at solistane tok stor plass. Men ærleg talt så vert heile programmet å koke suppe på ein spikar. Dei må sprite det opp i andre sesong!

Besta sa...

Det er typisk TV 2 å dra ut slike program, for å få folk til å ringe mest mulig. Og i dag synest eg programmet var dårlig.

Anonym sa...

Koselig underhaldning spør du meg

arieldog sa...

Eg skjøna iokkje poenget med konseptet "solist" - trudde poenget var å drage fram glade amatørar. Når det er sagt, så må eg seie at å stille med jukselapp slik Jørn Hoel gjorde, er bånn i bøtta. Heia Simone!

Besta sa...

Ja, eg la merke til jukselappen. Men stakkar, han er vel begynt å merke alderen. Likte absolutt ikkje konseptet med LÅNT solist i eit KOR-slag.Og du må innrømme at låtvala til Simone ikkje har vore noko særlig. Utslitte GP-melodiar......hallo!!!!!

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...