søndag, mars 08, 2009

Viktig melding !

Torsdag kveld gikk det eit program på TV som heitte Folk:Veien til øyriket, der Rolf,broren til Nils var med.Etter programmet fekk vi telefonar og meldingar frå folk som hadde sett det,men vi hadde altså ikkje det.
Derfor vil eg gjere alle merksame på at programmet går i reprise i dag kl.18.25 på NRK 2.
Så vil eg ønske alle til lykke med den internasjonale kvinnedagen . Her er det diverse arrangement der særleg innvandrarkvinnene vert fokusert på.Når ein høyrer om korleis kvinner rundt om i verda har det, kan det vere på sin plass å markere dagen.

6 kommentarer:

Hildegard sa...

Ser at båten er klar! Gratulerer med kvinnedagen! Som tidlegare meldt, såg vi programmet der siste del viste butikkeigar Rolf Trovåg i kjend stil. Koseleg program,
Eidabesta

solveig sa...

Det skal vi sjå!!!!

arieldog sa...

No har vi sett onkelen. Erlend syntest det var litt forvirrande at det var morfar sin Lillebror. Lars var mest oppteken av bensinpumpa.

Besta sa...

Vi tok opp programmet på video.Rolf vert meir og meir lik Nils, men eg synest vi kunne fått sett litt meir av han!(Kan misforståast!)

STRIKKEMOR(O) sa...

Hei! Det var kjempeartig å hekle oldemorsruter av sokkerestegarnet, så det vil eg anbefale! Kjekt å ha eit minne om alle sokkepara ein har strikka også. Eg kjøpte eit nøste med brun Opal, elles brukte eg restar. Det gjekk med ca. 100 gram av det brune til 30 lappar + kant rundt og litt mindre av lilla og blå. Eg hadde eigentleg tenkt å ha blått rundt alle lappane mine, men så fekk eg for lite, og dei hadde ikkje meir av den blåfargen på Rød tråd. Eg angrar litt på at eg ikkje laga 35 lappar, men då hadde eg måtta hatt ein tredje farge til kant. Teppet varmar godt sjølv om garnet er tynt!!

Bjørg sa...

Vi såg det. Vi visste ikkje at det var broren, men sa til kvarandre: Det må vere broren til Nils!

Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-

Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...