onsdag, mars 11, 2009

Prosjekt fullført.




Eg plar ikkje vaske ned alle romma kvart år, no når vi berre er to heime.

Brukar å føre lister, slik at eg skal halde greie på kva eg har fare over.Den lista ligg på harddisken som kollapsa i fjor.Så sette eg meg eit mål:I år skulle eg vaske ned alle romma, tak, vegger, skap etc. og eg skulle vere ferdig før Nils sette ut båten. dette fordi eg ofte treng ei hjelpande hand.
I dag vart det utror, men han hjelpte meg litt i går kveld, slik at eg skulle greie innspurten ålene. Og no er eg ferdig; i dag har eg vaska tak og vegger på kjøkken og bad!
Når eg skriv om all denne vaskinga, er det ikkje for å skryte, eg er berre så glad for at eg greier det, på den måten som er.Det er slutt med å klatre på bord og benker, eller ligge på kne og skure i krinkar og krokar. No går det i moppevask! Og det lyt vere godt nok. Her er ikkje SÅ skite!
No skal eg berre rydde på plass litt, og så blir eg vel liggande, for det meste, resten av dagen.
Godt at eg har fått tak i MP3 spelaren, der eg har begynt på Vente, blinke av Gunnhild Øyehaug, som er her frå Ørsta.Ho vart intervjua om boka si på TV i går kveld i bokprogrammet til Hans Olav Brenner.Men så har eg ei bok liggande på Walkmanen som eg må lese ut også.................................

2 kommentarer:

solveig sa...

Det var artig å sjå henne snakke om boka. No har eg akkurat lese om scena ho skildra.

Besta sa...

Eg les Faldbakken på data på dagtid, for walkmanen virkar berre sporadisk. Pappa eg komen att frå sjøen. Fekk LITT fisk, men ikkje nokon drømmetur akkurat.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...