lørdag, mars 28, 2009

Bursdagsfeiring i Starevegen.


I dag har vi hatt besøk av Bodil og Svein,Solveig og Øystein. Og så dukka to "blogg-venninner"opp, heilt uventa:Lappetausa og Strikkemor(o).Med Give away og presangar så det monna.Ja, presangar fekk er sannelig med dei andre også. Kan ikkje legge dei ut på bloggen akkurat no, må få summa meg litt først.
Bodil og Svein hadde funne fram diverse attgløymde ting etter meg, blant anna brev og kort.
Sidan det snart er konfirmasjonstid, synest eg det kunne vere artig å vise eit kort frå 1954.Det er i A4 format.
Vi fekk ikkje bunad til konfirmasjonen den tida;kullet mitt var dei første som hadde kvite kapper over 2.dags-kjolen. Dei som var eit år eldre blei konfirmerte i side kvite kjolar.Trur ikkje bunaden på kortet hadde blitt godkjend av bunadspolitiet.

2 kommentarer:

solveig sa...

Takk for i dag!
Det vart ein kjekk dag med mykje god mat. Irriterande at eg hadde flatt batteri i fotoapparatet. Eg mistenker at det hadde stått kopla til datamaskina i natt.
No er det tid for kakebaking til i morgon......................

Hildegard sa...

Takk for ein fin dag i Starevegen.
Eidabesta

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...