lørdag, mars 28, 2009

Gåverik 69-åring.











Då mamma fylte 70, hugsar eg at eg tenkte:NO er mamma gammal !
Derfor synest eg det var kjekt å få feire 69 årsdagen -mens eg enno er ung.
Ein ekstra spiss på dagen vart det at uventa gjester dukka opp.

Naboen min, Ingunn, kom med fine tulipanar, Elin gav meg eit av dei fine arbeida sine i nydelige lysegrøne fargar, Hilde hadde med garn og mønster som eg hadde vunne på "Give away"-en hennar, og så hadde ho sydd ei fin lita veske til å ha strikketøyet i.Bodil og Svein hadde med vin og Eidakalender m.m., og med Solveig og Margrete fekk eg supplement til stålbestikket og fine lys.
Det vart ein fin dag til tross for at vi fekk snøver på ettermiddagen.
Takk til alle som kom på besøk, ringde og sende meldingar.

3 kommentarer:

Elin sa...

Tusen takk for nokre kjekke timar i Starevegen i dag! Ekstra bonus at Solveig var der, lenge sidan sist!
Aloveranen kjem i vatn i kveld og jord i morgon. Skal passe godt på!
Aldri så lite kvitt på markane i Gløppa og.

Hildegard sa...

Kjekt å få presangar, eg likte godt knivane og gaflane! Fekk lyst å fornye litt eg også.
Eidabesta

Bjørg sa...

Gratulerer så mykje med overstått bursdag! Vi er nett attkomne frå ein flott tur til Jordan. Medan vi var der og litt før, las eg boka Det tause huset av Orhan Pamuk, etter di anbefaling. Det gav litt utfyllande kunnskap til reisa.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...