fredag, mars 27, 2009

Ekelund-tekstilar.






















Såg at Elin hadde fatta interesse for Ekelundløparen til Solveig.Då fann eg ut at eg kunne legge ut på bloggen nokre av dei fine pyntehaddukane eg har fått av Solveig. Eg har mange fleire; til alle høg-og årstider har eg noko som høver. Mange løparar har eg også. Kvaliteten er unik, og tinga er lettstelte.Fine gåveting !Dette var reklamen!
PS: Etter ønske frå ein av bloggerane har eg lagt inn resten av Ekelund- handdukar og - løperar som eg har, trur eg. Med eitt unntak:Ein liten handduk med dompap og ein med snømann som ligg pakka i lag med julepynten.

7 kommentarer:

solveig sa...

Eg kan ikkje hugse å ha kjøpt alle, men dei er kjempefine, så eg må vel tru det!
No hadde dei fått inn kjøkenklutar til 85 kr stk. Det er ikkje i den prisklassen at ein kjøper til seg sjølv?

Besta sa...

Eg kan ikkje vere 100% sikker på at eg har fått alle med deg-kanskje eg har fornærma einkvan? Då får dei seie ifrå!

Elin sa...

Har svara Solveig på hennar blogg. Interessant. Er her meir som må ut av skapet??
Ta med fotoapparatet på butikken og legg ut det dei har...dei kattane er også kjempefine.
http://www.fjorn.com/ekwepl.html
Har dei løparen i Ørsta, lokkar eg med meg ho du veit på sjopping...

Besta sa...

Meiner eg har sett kattane-men kvar? Skal kike etter dei neste gong eg er på Gåvebuda.Elles har eg både tulipan-pg valmueløpar.

solveig sa...

Blåklokkeduken din er vel også frå Linneaspinneriet?

Besta sa...

Ja, den kom eg ikkje på, for den er liksom ein annan stil.Får blogge den neste gong.

Elin sa...

GRATULERER MED DAGEN!
Ha ein fin dag!

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...