lørdag, mars 14, 2009

Bok nummer 18: Om livet, døden, kjærleiken og havet.


No har eg lese ut denne vesle boka.
Solveig har skrive om den før, og de kan lese kritikkar på nettet om de vil.Det eg vil legge til er mi heilt pesonlege og subjektive meining.
Boka er fin! Her er ikkje mykje handling; men stemningar, tankar og forteljingar frå fortida.
For meg blir det litt for stilleståande i periodar, og for mange ord, for mange uvesentlege detaljar. Til tider også litt for sentimentalt,mest i språket.Og så får vi liksom alt inn med teskei.
Alt i alt vil eg seie at boka er vel verd å lese.
Les om boka her.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

De er flittige til å lese bøker! Her blir det ikkje lest mykje, men alt til si tid. Eg får no hekla ein del. Det er fint arbeid som er lett å legge frå seg når det er noko. Henning har vore sjuk sidan fredag, så han og eg er heime i dag. Var ein rask tur til Ørsta laurdag for å hente brillene. Audny hadde frisørtime 12.30, så vi rakk berre innom ein butikk i tilegg til Specksavers før returen. Du får ta deg ein tur og få spesialundervisning i hexagonruter. Eg er no heime måndagar og fredagar ut mars i alle fall.

Besta sa...

Skulle verkelig ønske eg kunne drive meir med handarbeid. Skuldra er bra igjen, men eg har store problem med å sitte(og gå) så det er begrensa kva eg kan styre med.Dessverre. Synd de ikkje fekk høve til å stikke oppom.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...