torsdag, mars 19, 2009

19. mars 1878.


I dag er det fødsels-dagen til Bestemor på Hildegard, ein dag som alltid vart feira i min barndom. Kan særlig hugse 70-årsdagen hennar, då måtte eg spørje meg fri nokre timar på skulen, fordi vi skulle ta familiebilde;bestemor og alle barnebarna+ diverse blomsterbukettar.Dessverre har eg ikkje dette bildet.
Siste gong vi hadde familiesamling på dagen hennar var då ho fylte 90. Bestemor sjølv låg på sjukehuset, mens familien var samla på Hildegard, etter å ha besøkt henne.
Er det berre eg som synest at dei gamle var så mykje eldre før i tida?
På bildet sit bestemor heilt til høgre. Det er frå ein gong familien var samla på Tua.(Trur det ligg på bloggen før).

5 kommentarer:

arieldog sa...

Ja, då blir det ein heil del ungar som må be seg fri frå skulen neste år på denne tida, viss vi skal følgje tradisjonen...

Besta sa...

Det var bra du tok hintet, men eg kan opplyse om at eg fyller år på ein sundag neste år.

arieldog sa...

Det var bra! Men eit triveleg tilbakeblikk var det, uansett!

Hildegard sa...

Koseleg bilde. Eg har eit liknande frå før Elin var fødd. Då hadde vi Anna-besta med oss på kaffi-tur i Vasslida (over Brekka). Nokre naboar var også med på turen.
Eidabesta

Besta sa...

Til Hildegard: Har de scanner til datamaskina? Viss ikkje, kunne de ta med gamle bilde hit, så kunne vi scanne dei her.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...