torsdag, mars 19, 2009

Bok nummer 19. Amerikansk krim.

Er du lagt over middels interessert i patologi og rettsmedisin?
Diggar du alt som med data og data-kriminalitet å gjere? Har du sans for kriminelle puslespel som består av 1000 detaljar ?Ja, då er dette boka for deg!
Det er retts-medisinaren Kay som er forteljar i boka, og ho forklarer arbeidet som blir gjort på ein måte som gjer at ein forstår mykje, men eg må innrømme at det er vanskelig for meg å henge heilt med i svingane.(Men litt lærte eg). Sjølv er ho ikkje så veldig glup når det gjeld data, men så har ho ei niese med utruleg høg IQ som forstår alt, til tross for at ho berre er ti år.
Dette er inga dårleg bok,men her er lite handling og det aller meste dreiar seg om å sirkle inn mordaren ved hjelp av kjemi og datasnoking.
Det største plusset er opplesaren! Ho les kjempebra og har den litt grovkalibra stemmen som passar boka.(A la Siv?)
NB: Dette er inga objektiv bokmelding og eg har med vilje ikkje googla boka.

1 kommentar:

solveig sa...

Seriemord!!!
Det er det kjekkaste eg veit!
Synest det er noko kjent med namnet på hovudpersonen, men kjem ikkje på om eg har lese noko av forfattaren.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...