Sidan eg ikkje kan strikke, blir det relativt mykje lesing for tida. No har eg lese enda ei krim-bok,også denne på berre 6 CD-ar.Eg har lese dei fleste av Jo Nesbø sine bøker, og er ikkje like begeistra for alle. Denne boka er heilt annleis enn dei andre. Meir elegant i forma og med ein sarkastisk undertone, noko som eg er svak for.(Det kan vere opplesaren som tolkar den slik!) For min del fungerer deler av boka som ein parodi på sjangeren. "Grisete" og brutale scener finn vi denne boka også, som i andre Nesbøbøker.
Eg vil ikkje skrive så mykje om bøkene eg les, andre må lese dei bøkene dei vil, og meine det dei vil.
Men kjem eg frampå ei bok som eg blir skikkelig begeistra for, lovar eg å seie ifrå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 5.mai
Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Eg ser at eg las den ut 17 desember og gav den 6-. Minuset for uappetitlege episodar. Vinklinga var litt annleis, og ho var spennande!
Har tidlegare lese nokre bøker av JN og er enig med Solveig i at han skriv godt, men til tider kan vere unødvendig "uappetitleg".
Lite lesing på meg for tida, trur det blir meir når eg kan sitje på balkongen i godt lys og kose meg. Har kjøpt nokre bøker på tilbod, bl.a. Ari Behn "Entusiasme og raseri", kun fordi eg er nysgjerrig, og Grete Roede "Lettere", med hennar livshistorie og gode, lette oppskrifter. Har lånt på bibl. lydbok av Isabel Allende "Summen av dagene", som eg les no.
Elles er det kjekt å sjå på bloggen din at vindua blir reine også utvendes! Eg har litt tid på meg endå før sola kjem. Eidabesta
Eg likar veldig godt Isabell Allende, men den boka du nemner har eg ikkje lese.Har du lese Åndenes hus. Den er heilt topp.
Legg inn en kommentar