onsdag, januar 16, 2008

Kjøkkenhistorier

Som de veit er eldste dotter mi svært interessert i alt som har med kjøkken å gjere, og for tida er det særleg komfyrar som har fanga interessa.No har ho utfordra meg til å skrive litt om dette temaet på bloggen.
Eg hugsar korleis det var på sjukehuskjøkkenet der mor mi jobba, før dei fekk elektrisk komfyr. Då hadde dei ein stor komfyr som dei fyrte med kol.Kolet vart oppbevart i skuffer nedst i komfyren. Eg treng vel ikkje å seie at det var ein varm jobb å lage mat der.
Men drog ein ut kolskuffa, kunne ein finne anna enn kol, for der likte sjukehuskatten seg så godt i varmen. Ja, dei hadde verkelig ein katt på kjøkkenet, og han heldt regionen fri for rotter og mus. Ingen såg noko rart i det den gongen.Men eg veit ikkje om jaktinstinktet var på topp, for han var ganske så velfødd.
Sjukehuset heldt seg også med grisar. Det kom to søte grisunger ein gong for året og dei fekk matrestar frå sjukehuset - trur neppe dei kjøpte mat til grisane. Og så vart dei slakta og brukt til mat.
Seinare fekk dei elektrisk komfyr, og det var eit stort framsteg. Den inneheldt mellom anna to store steikomnar.
Mor mi , som var kjøkkensjef på den tida, miste ikkje fatninga så lett. Heller ikkje då doktor Lygonis, som var grekar, kom med ein grisunge som han ville at ho skulle steike til han.Han hadde ikkje stor nok steikomn. Mamma tok utfordringa på strak arm. Men likte det gjorde ho ikkje!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eit fint tilbakeblikk! Kanskje du skulle ha skrive ei bok!?
I dag har vi fått oss nytt kjøleskap! Det skal bli kjekt med eit som er litt større. Siste året har vi hatt eit som vi fekk av ein venn, då han skifta ut sitt kjøleskap samstundes som vårt 19 år gamle tok kvelden. Det som vi fekk skal vi ha på ei bod, der også frysaren står. Eg trur det kan kome vel med når det er høgtider, bursdagar og liknande! Oddvar måtte overtalast litt, for det fører til litt omorgansiering på den boda (hyller som må fjernast o.l.) Hilde

Anonym sa...

Eg har forresten ein award til deg på bloggen min! Hilde

solveig sa...

Apropos kjøleskåp og kjølerom. Du får fortelje litt om det. For kjøleskåpa er no yngre enn komfyrane. Eg hugsar godt kjøkenet på Sykehuset på Eid, som vi kalla det. Der var ein matsal ved sidan av der legane og sjukepleiarane åt.

Besta sa...

Ja, eg skal skrive meir om "gamle dagar", men får ta litt om gongen.Har eit stort manuskript som omhandlar heile barndommen min, det ligg på ein gammal harddisk på KOngsberg. Her blir det berre små klipp. Svein får korrigere om eg hugsar feil. Merkelig med den hukommelsen, den kan spele ein eit puss.Gratulerer med nykk kjøleskap Hilde. Men det er godt med eitt i reserve!

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...