torsdag, januar 17, 2008

Ei historie om mjølk.

Kald mjølk rett frå kjøleskapet er eit sjølvsagt gode i vår tid. I min barndom var det nesten ingen som hadde kjøleskap,det var rett og slett ikkje å få kjøpt. Mjølka måtte ein prøve å halde nokonlunde kald på andre måtar.
Men på sjukehuset hadde dei kjølerom, heile tre stykke.
På det eine oppbevarte dei mjølk i store kummar og DEN var kald. Dei som var pasientar eller arbeidde på sjukehuset,syntest at mjølka der var SÅ god. Særleg surmjølka var populær. Den var ei 50-50 -blanding av kefir og saup (kjernemelk) og var veldig populær også til privat bruk.
Det var den tida vi gjekk på det gamle meieriet og kjøpte mjølk over disk. Mjølka hadde dei i store kummar og så auste dei opp i spanna vår med eit litermål sånn ca det vi skulle ha.Det var vanlig å kjøpe mjølk kvar dag, og heime var det stort sett min jobb. Ofte var det lang kø framfor disken, og dei som var små måtte vente til sist.Skulle vi ha fløyte, var det på samme måten; då hadde vi gjerne eit Norgesglas e.l.til å ha fløyten i. Kummane med mjølk og fløyte stod utildekka inne i butikklokalet og vart fylt opp frå bakrommet etter kvart som det trongst.

Bøndene køyrde sjølve mjølka til meieriet i store spann. Transportmiddelet var hest og vogn.Mjølka vart pasteurisert, men ikkje homogenisert, så fløyten låg som eit lag øvst i spanna når den hadde stått i ro ei stund.

1 kommentar:

Marie sa...

Her på garden selde dei mjølk rett frå garden for femti år sidan.
Dei som ikkje hadde kyr sjølve kjøpte mjølk på gardane. Det ein ikkje selde privat blei sendt til meieriet.
Ja ting endrar seg jammen med åra. Då var det fleire titals bønder på øya her som leverte mjølk, nå er det ca ti. Mjølkemengda er nok likevel mykje større nå enn då.

God helg :)))

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...