torsdag, september 03, 2026

Dagbok 2026:3.september

 Kjempesøte svartsurbær


Klokka er no17.15, temperaturen ute er+16 graderC, og sola skin. Ho kjem ikkje her før det lid nokså langt på dag, men kveldsol har vi nesten kvar dag.

I dag hadde eg bestemt meg for å ta det eg kallar "fredagsvask"-og då gjorde eg det. Eg likar i grunnen å vaske og styre på, men dessverre har eg ein rygg som ikkje likar det, så eg må ta mange pausar-men eg kjem i mål. Så har eg strikka litt på ein lest igjen, kjekt å få gjere det etter mange månader med vond hand, men eg må passe på at eg ikkje driv det for langt.

No på ettermiddagen tok ein tur opp til Marit, plukka med meg litt svartsurbær frå buska mi, dei er ikkje så gode dei bæra , men dei skal vere veldig sunne,så derfor et vi dei,

Elles så skjer det ikkje så mykje akkurat no; Solveig og Øystein er i Roma og dei andre i familien er vel komne i arbeid for lengst. Eg har vore nokså stillesittande i lang tid fordi eg har ein fot som ikkje er bra, men eg håper framleis på at eg skal kunne gå på Vernet igjen, treffe folk eg kjenner, eller ikkje kjenner, og slå av ein prat.

Men det gledelege er at eg no har bil igjen og kan komme meg til butikkane om ikkje anna. Eg dreg ikkje på biltur åleine altså, men eg har eit ærend til Vik i morgon.

Denne sommaren har eg hatt ute vatneslangen ein gong, elles har regnet frå himmelen halde blomster og tre med det dei treng av drikke.

Eg lurte på om eg skulle klippe den vesle bota ved postkassene i kveld-men eg trur eg ventar til i morgon.

onsdag, september 02, 2026

Dagbok 2026 Onsdag 2.september


 Klokka er no5på 8, temperaturen ute er +10 graderC ,og det regnar, det har det gjort i heile dag, trur eg,

I dag hadde eg ærend ned i sentrum, så då vart det ein liten biltur, på heimvegen handla eg mat på KIWI.

I går sat eg og strikka heile dagen mens eg såg TV. Då kvelden kom var eg ikkje nøgd med alr eg hadde strikka, så eg sat og rekte opp mesteparten. Men ein lest var bra, så i dag driv eg og strikkar ein som skal vere attåt den. Det som gjer at eg strevar litt er at eg strikkar med tynt garn og tynne pinnar. Men no e eg godt i gang med nye lestar, og eg treng ikkje strikke dei ferdig så fort som eg gjorde i går-då blir det berre å ta opp att.

Elles i dag har eg vaska ei maskin med klede, det blir ein del klesvask om ein er åleine. Ein ting er eg glad for og det er at eg greier å gå på føtene mine, så eg er ikkje heilt hjelpelaus, eg var ei stund redd for at eg ikkje skulle klare å gå..

PÅ heimvegen i dag svippa eg bort og såg til grava til Nils.Blomsten som Solveig hadde planta stod fin, men der er mykje gras rundt omkring, så eg må ha meg ein tur bort å ordne opp, der er mykje mose , så steinen blir liggande litt for djupt. Men det er ikkje noko å bry seg med-det er likt for alle.

Solveig ser bloggen min nede i Roma i sol og varme. Vel unnt!

tirsdag, september 01, 2026


Klokka er no18.36, temperaturen ute er +14 graderC, og no ser det ut til at det vil skine opp mot kveld, slik har det vore nesten heile sommaren-sola har venta i lengste laget på å syne seg. Ja, det er ikkje bere sola som gøymer seg bort, eg har til dømes ikkje vore ute av huset i dag, så folk kan no tru at eg ikkje er i form, men eg har ein annan grunn: Strikketøy! Eg var så glad då eg vart så bra at eg kunne strikke igjen etter å ha vore låk i høgre handa lenge, så no sette eg i gang med lestestrikk igjen. I går kveld strikka eg ein heil lest mens eg såg kongen på TV
Så skulle eg strikke ein lest til så det vart par. Eg begynte i dag morgon, men det vart berre opp i tull Eg strikka og rakte opp att gong etter gong-og slik gjekk dagen, eg har knapt nok hatt tid å ete. Eg er komen slik de ser på bildet, og eg skal prøve å ikkje rekke opp meir i dag men gjere lestane ferdige. Men så lenge eg rekker opp igjen like mykje som eg strikkar går det ikkje framover. 
I morgon må eg no komme meg ut igjen om eg ikkje  er ferdig å strikke. Det er heilt gale å stikke heile tida, eg kjenner det over nesten heil kroppen. NOk om det. Solveig og Øystein er i Roma og har det varmt og godt, og det unner eg dei vel. Eg er for gammal til sydenreiser så eg misunner dei ikkje- No får eg prøve å bli fredig med strikkinga mi, det er litt travelt å følgje med kongen og kongehuset når ein skal passe strikketøyet også.
I morgon må eg ha meg ein tur til Vik, eg skal på apoteket og så må eg vel  innom KI WI
 

mandag, august 31, 2026

Dagbok 2026: 31.august

Endeleg kom sola, seint på ettermiddagen fekk vi endeleg   nokre etterlengta stålar, men betre seint enn aldri
 

Klokka er no 20.21, temperaturen ute er +13 grader.

Eg har hatt ein litt tullete dag i dag, Først ville eg ikkje stå opp fordi eg var så låk i føtene, det har eg vore nokre dagar no, men då eg bestemte meg for å stå opp likevel gjekk det heilt fint. I dag ville eg prøve å rydde litt opp både inne og ute, og det varte ikkje lenge før eg hadde blod på tann. Etter at eg hadde rydda itt inne gjekk eg ned i hagen og hadde utover noko mold som har lagt i ein dunge, kor vellukka det var vil tida vise. Eg  laga meg middag også og på slutten av dagen sat eg opp med Marit, til det vart tid for Nyheiter på TV. Eg har følgt godt med på "kongehuset" desse dagane;Og mens eg ser TV strikkar eg lestar-igjen, eg hadde ein lang pause.

I dag er det siste dagen i august, det var ein viktig dag for meg i oppveksten. Både besta og pappa hadde fødselsdag, det var akkurat 20 år mellom dei i alder.

 Og så begynte alle skulane på Eid 1. september. Barneskulen, realskulen og gymnas heldt til i samme huset. Det var alltid spennande med skulestart, men etter som vi vart eldre vart det særleg spennande å sjå dei nye gymnasiastane- Sidan det var 2årig gymnas kom det elevar frå alle landets kantar, særleg nordfrå. Trøndelag, Nordland og Finnmark var godt representert. Eg hugsar godt milde, mørke kveldar, då vi gjekk ute for å "sjå på livet".



søndag, august 30, 2026

Dagbk 2026:30.august


 Klokka er no19.44, temperaturen ute er + 12 grader , det er overskya og det har regna, Eg har vore inne heile dagen, og eg har vore her åleine. Men eg har hatt på TVen heile dagen og følgt med på kongen sin begravelse m.m-Eg har sjølvsagt hatt eit lite strikketøy også. Eg har som sagt vore her åleine,Solveig og Øystein reiste til Roma i dag, og kvar dei andre er veit eg ikkje. Eg har no kosa meg med å lage god middag etc. Eg skulle fyre i omnen også, men der var det noko som var øydelagt så eg kunne ikkje ha der eld. Men eg har no både varmepumpe og elektriske omnar så eg frys ikkje i hel. 

Det eg har merka meg i dag er at Mærta Louise og døtrene ikkje var i gravferda, eg såg etter dei heile tida, men dei var der ikkje.Det var nokon som nemde det på TV også- Elles synest eg det var ei fin gravferd, og veldig mange som var frammøtte. Ja, eg fekk no med meg nokså mykje sjølv om eg sat heime. Eg hadde no sjølvsagt eit strikketøy , for eg kunne  ikkje sitte med hendene i fanget heile tida-heller. Det blir vel meir å sjå utover kvelden. Eg er ikkje så fornøgd med veret, i morgon er det siste dagen i sommarmånadane-og så kjem hausten-

No må eg visst rydde litt opp etter meg

lørdag, august 29, 2026

Dagbok 2026:29.august


 Klokka er no 17.48, og temperaturen ute er +14 grader C. Eg har ikkje vore ute i dag, men eg trur det har vore opplett- men ikkje sol.

Eg har vore heilt i ørska  nestsen i dag, eg har vore så trøtt at eg orka ingen ting, men til slutt greidde eg å støvsuge golvteppa. Deretter vart det rett i godstolen framfor TV-en , og der har eg sett på kongar dronningar og andre folk i Oslo og gjer opp meiningar om kva eg likar eller ikkje likar. Eg sit å tenkjer på korleis det er å ha ein konge og ikkje ein vald president. Det er heilt tydeleg at kongen vår som døydde no har vore elska av folket-og her er det ikkje snakk om politiske synspunkt etc. Ein konge er for alle og eg er glad for at vi har kongedømme i landet vårt. Kort sagt..

Eg har sjølvsagt hatt noko å strikke på , kan no ikkje sitte med hendene i fanget heile dagen. Eg lurte på om eg greidde å gå på Vernet, men det slo eg i frå meg. . Men no har eg i alle fall fått opp augene og er skikkeleg vaken, men eg trur ikkje eg kjem til å finne på så mykje likevel. Solveig og Øystein reiser til Roma i morgon, og eg ser at Margrete har vore på fjelltur, så det er no somme som er aktive. Eg har no vore relativt aktiv med hagearbeid i sommar, men det tek av no når hausten er her-snart.

Eg er glad for at eg kunne ta opp att strikkinga, men eg må vere litt forsiktig så eg ikkje blir låk i handa igjen.

fredag, august 28, 2026

Dagbok 2026: 28. august

 Klokka er no17.40, temperaturen ute er +21 graderC. Det har vore fint ver i heile dag, men no er sola borte.

Det har vore ein litt spesiell dag sidan kongen døde i går; det var ikkje så mykje eg kunne gjere for å vise sorg, men eg t0k i alle fall og fann fram den mørkaste "toppen" eg hadde og hadde den attåt den svarte buksa. Eg kjende no ikkje kongen personleg, men eg og mange andre har no på ein måte blitt kjent med han på TV.

Det er tredje gongen eg opplever at ein konge døyr. Eg hugsar godt då Håkon den 7. døde, og eg minnest også Olav den 5. Gode kongar alle, trur eg.

Eg har no elles hatt ein fin dag i dag. Solveig kom ganske tidleg -og ho hjelpte meg med tekniske ting på PC og Telefon, det er ikkje alt eg får like godt til. Nemleg. Så var vi på KIWI og handla,i hennar bil sjølvsagt.Ho likar godt den nye El-bilen.

Så insisterte ho på å klippe plen, enda eg sa at ho trong ikkje gjere det. Men det vart ikkje alt for lenge for batteriet varer ikkje så lenge. Og det tek 4 timar å ladde det opp att.

Litt mat måtte vi også ha før ho reiste heim att. Ho og Øystein skal til Italia  og vere der ei vekes tid, no er dei begge pensjonistar og kan bestemme litt over si eiga tid.

Det kan for såvidt eg også- men i min alder no trivst eg best heime, og har det tryggast der.

Eg har gått i heile dag og venta på at dei skulle komme frå VØR og hente alle glasa som eg hadde i boksen som stod opp ved gata. Dei kom aldri ! Men så var eg oppe hos Marit ei stund ogdå eg gjekk heim kika eg opp i "Dunken" -og den var tom- Så i dag blei eg litt "lurt" -men bra det.

Vil ønske alle ei god helg uansett.

Dagbok 2026: fredag 11. september

  Klokka er no17.22, temperaturen ute er+13graderC   og det er regn og skodde Men eg har likevel hatt ein strålane dag. Takka vere Margrete ...