lørdag, desember 05, 2020

Dagbok 2020: 5.desember.

Klokka er no 17.00, temperaturen så vidt over 0, og det har vore ein nydeleg dag med sol i fjella. Men dagane er korte og kveldane lange for tida. Det er fint å ha slikt ver i desember månad. I dag tok eg fredagsvasken som eg hoppa over i går. Den var som vanleg for gjort. Så tok eg ein tur på butikken og handla litt ymse. Då eg kom hem att var det så fint at eg heiv på meg Hoka-skorne mine og tok ein runde på Vernet. Det er kjekkare å gå der no når eg får gå rette vegen. Etter at eg hadde rydda på plass varer, sett på vaskemaskina etc. åt eg resten av suppa frå i går, det var meir enn nok i dag også. Eg ville fyre i omnen , men bala litt for å få fyr. Eg skal ta meg ein tørn og hogge småved, eg har både øks og stabbe inne i garasjen, men eg må køyre ut bilen, så ikkje den blir skada. Marit kom nedom ein tur og såg TV med meg, dvs. ein serie som ho ikkje har fått med seg alle episodane av. Eg ser i lag med henne for det er ikkje alt eg hugsar.No skal eg koke meg litt kaffi og drikke den med litt godt attåt. Det blir ikkje bakt så mykje med meg til jul, i alle fall ikkje småkaker. Der kjøper eg heller det eg vil ha, men eg skulle ønske at eg kunne lage lefser-eg har takke.

fredag, desember 04, 2020

Dagbok 2020: 4.desember

Klokka er no 16.40, temperaturen er minus 1 grad, det har vore nydeleg vêr i dag, med sol på fjelltoppane. Men eg har for det meste vore inne. Einar sende melding i går om at han ville komme ein tur i dag. Eg la i vatn pinnekjøt til suppe som eg laga til middag i dag. Så fekk eg brukt opp grønsakene som eg hadde liggande , blant anna. Eg kom plutseleg på då et nærma seg middag at eg skulle lage foccacia-brød til suppa. Og så gjorde eg det. Elles gjorde eg ikkje så mykje på føremiddagen, fredagsvasken vart utsett til laurdag-eller ein annan dag.Einar kom kl.14, som han hadde sagt, men han ville at vi skulle fare fram på grava først, så vi ikkje mørkna ute. Så gjorde vi det. Eg hadde med meg batteri så eg fekk nyttlys i lyset.Men der var enno att litt lys frå batteria som eg sette i sist sundag. Så åt vi middag og drakk kaffi før Einar hjelpte meg med diverse. Skifta lyspære, og ikkje minst, ordna opp på datamaskinene mine, slik at eg får samme FB-profilen på begge maskinene. Storemaskina har funka godt no siste veka, så no kan eg bruke berre den og sleppe å sitte med ei hand på kvar.Jobba litt med spansken i dag også, det gjeld å halde ved like det vesle ein kan, og kanskje utvide ordforrådet sitt. Snakka nettopp med leigebuaren i kjellaren, dei skal reise heim den 10.des.Det vert tidleg kveld no for tida, begynner å mørkne i 3-tida,men eg er glad for kvar dag det ikkje kjem snø, og som sagt, idag var det ein nydeleg dag. Eg vil ønske alle ei fin adventshelg. Eg kunne gjerne ønske meg ein tur på "byen" i morgon viss det er fint ver, men eg vil ikkje vere altfor sosial. Synd at vaksinen er forsinka, men ikkje mykje eg kan gjere med det.

torsdag, desember 03, 2020

Dagbok 2020: 3.desember

Klokka er no 16.20, temperaturen ute er + 5 grader og det er opplett. Denne dagen har gått opp i "tull", noko som ikkje er heilt ukjent når ein "skal noko" midt på dagen. Det var trening frå kl 12.30, så det var ikkje råd å sette i gang med noko heime når eg skulle dusje og vaske håret før vi for. Derfor strikka eg litt på ein lest, og jobba med spansken. Etter trening skulle Marit og eg handle på Spar; butikken er stor og vi er ikkje så godt kjende enno, så det blir mykje at vi går og leitar etter det eine og det andre. Og då vi kom heim vart vi sittande å prate i bilen slik vi plar gjere, så klokka var nærmare halv fire før eg kom inn i mitt eige hus.Det var mykje post i postkassa mi i dag. Det meste frå Torbjørn. Eg fekk Øystein si bok i retur, med mange godord, og så fekk eg ein liten presang, som eg skal lese i osb.Sidan eg ikkje hadde ete sidan frokost begynten svolten å gjere seg gjeldande. Det var ikkje aktuelt å begynne med middag, men eg hadde eit stort rundt julebrød som eg hadde kjøpt. Der var rosiner i, men ikkje sukat. Sukat fann ikkje Marit og eg på butikken heller. Det er så mange som ikkje likar sukat, at dei gløymer at også mange vil ha det. Det var ymse vi ikkje fann, men det kjem dagar etter desse. Eg åt meg visst litt FOR mett på julebrød med brunost -med kaffi attåt. Resten av dagen går vel med til å gå gjennom posten, strikke ferdig lestane eg held på med m.m. I går skulle eg strikke ny lest på to gamle brot. EG leita etter høveleg garn i posane mine, og fann noko, men så kom eg på at eg har ei heil stor plastkasse i kjellaren med garnrestar som er ordna etter farge-men ikkje kvalitet. Eg fekk dårleg samvit av å sjå alt som ikkje var blitt brukt. Men kva skal ein gjere. Før strikka eg diverse "hønsestrikk"-gensarar til barnebarna, og diverse dukkeklede.No gjer eg ikkje det. Lestar kan eg strikke, men ikkje alt garn er så slitesterkt at det høver. Gryteklutar har eg nok av.......Dersom nokon har eit tips så kom med det. Det var kjekt å sjå og høyre Gro Harlem Bruntland på TV i går. Ho er vel ca 1 år eldre enn eg, men blir behandla som om ho framleis er verd å høyre på. Det likar eg. Det eg ikkje likar er at Frp. fekk igjennom at vi skal få billigare snop og brus etc. Viss dei vil gjere noko for folkehelsa, skulle dei subsidiert sunn mat som frukt, bær og grønsaker.( Ja, eg veit at det er på grunn av at dei vil svekke svenskehandelen.)Folk kjøper helst det som er billeg.No skal eg felle av siste "restelesten" og ta eit bilde.Eg har eit par til som skal ferdigstillast.

onsdag, desember 02, 2020

Dagbok 2020: 2.desember

Klokka er no 15.06, temperaturen ute er+ 8 grader C og det er litt vind. Vind likar eg godt; det er så sjeldan det blæs her. Sist natt sov eg godt, heilt til kl.9 i dag. Det første eg kjende etter var om halsen var like sår, det var den ikkje. Når eg har så mykje fokus på den stakkars halsen er det fordi eg lurte på om det gjekk over i forkjøling og då måtte eg teste meg. Heldigvis slepp eg det denne gongen, og no må vi berre passe oss heilt til vi har fått vaksinen.I morgon skal eg på trening igjen, og så må eg handle litt. Hadde så smått tenkt å handle i dag, men no er det for seint, det mørknar tidleg. I dag har eg vore rimeleg aktiv. Etter frokost og litt Facebook, sette eg meg til å strikke mens eg la planar. Først sette eg ein brøddeig, og mens den heva gjekk eg ein runde på Vernet, der var ein god del folk i dag. Då eg kom heim att baka eg ut brøda og sette til heving-og så i steikomnen. Eg kokte ein del syltetøy sist sommar av plommer og bær frå hagen. No minka det litt på lageret så eg bestemte meg for å sylte meir plommer. Eg tok opp 4 kilo frå frysaren som eg kokte i to porsjonar. I sommar hadde eg hatt for mykje sukker i sylta, 1 kilo sukker på 2 kilo plommer blir for søtt, så i dag tok eg litt mindre. Eg var ferdig med alt og hadde rydda opp då det var tid for middag. I dag vart det suppe frå i går + dessert som var skalken på eit nybakt brød + plommesylte og ein kopp kaffi til. No er eg bra nøgd med det eg har gjort hittil i dag, så resten av dagen/kvelden går vel til hobbyane mine; strikking, Spansk, sudoku, lesing og TV. Det er alltid noko å styre med og dagane/kveldane vert som regel for korte.No skal eg slappe av med litt meir kaffi.

tirsdag, desember 01, 2020

Dagbok 2020: 1.desember

KLokka er 16.00 om fire minutt. Bildet over tok eg for ein time sidan. Det har vore ein fin og nesten klår dag i dag, men sola får vi ikkje sjå før neste år. Temperaturen er rett under 0 grader - så vidt. Dette vêret kan vi godt beholde-ikkje meg imot. I dag vakna eg grytidleg, med sår hals og tett nase. Eg vart liggande å grunde på om eg skulle satse på å teste meg eller ikkje. Det endte med at eg ville sjå tida litt an, men ikkje gå på trening. Vi gamle som trener i lag møter ikkje opp viss vi er forkjøla e.l.Vi er forsiktige, men så vidt eg veit er det ikkje smitte i Ørsta no.Eg var i fin form då eg stod opp, men valde å vere heime. Marit var på trening , men først kom ho ned til meg med C-vitamin tablettar som skulle løyse seg opp i vatn. Eg har tatt to av dei. Ein gong ho var forkjøla tok ho så mange slike at ho vart bra.I dag hadde eg lyst å gå tur på Vernet, men let vere fordi eg ikkje ville ha kald luft ned i halsen. Førre veka gjekk eg tur i silande regnver utan høvelege klede, eg var våt til skinnet då eg kom heim. Eg trur kanskje den såre halsen har litt med det å gjere. Det vart ikkje fridag på meg sjølv om eg skulka treninga. Eg fekk endeleg vaske på soverommet, for i dag kunne eg ha ut både golvteppe og sengetøy. Og sidan eg hadde vaskebytta der, for eg over bad og kjøkken med det samme.Og vaskemaskina vart sett til å vaske sengetøy m.m. Sjølv om vi ikkje har spansklekse lenger jobbar eg med saken med hjelp av You tube, tek meg økter ved PC-en som heldigvis har virka som han skal heilt sidan laurdag.Det blir visst ikkje nytt kurs før til hausten att, så eg må halde ved like det eg har lært. Det er kjekt-ikkje plikt. Til middag i dag laga eg grønnsaksuppe med pølse, det er godt, det er mest grønsaker-ikkje så mykje vatn/bullion. Eg har ikkje så mykje garn for hånden, så eg prøver å finne restar som kan bli til noko-restelester blir det helst eg sjølv som brukar. Eg tenkte eg skulle få einkvan til å hjelpe meg med dørkransen, men ville vente å sjå om eg var frisk elle brygga på noko.Eg trur eg vil gå for at eg er frisk.Even har vore her med ein sekk ved, og meir skal han komme med. I dag har eg fyrt litt i omnen, så blir det skikkeleg varmt og då klarer pumpa å halde det slik Bildet under tok eg rett før klokka 16.00.

mandag, november 30, 2020

Dagbok 2020: 30. november

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det er ikkje fritt for at det har regna i dag, men eg har vore for det meste inne, og då er det ikkje så nøye. På førmiddagen i dag laga eg to stk. Karstens fruktkake slik eg plar gjere til jul, ei til Margrete og ei til meg.Då eg hadde fått steikt begge og vaska opp både i maskin og med hand, tok eg ein tur ned på Alti. Eg skulle på Clas og kjøpe pynt til jul.Men der var det bra utplukka, dompapane som eg hadde tenkt å kjøpe var der ikkje lenger, men eg fekk no tak i batteri og lyspærer(til adventstake m.m.)og så kjøpte eg ein dørkrans med lys(batteri). Eg trudde set skulle vere ei enkel sak å få den klar tl bruk.Men det stod med strenge bokstavar: LES HELE BRUKSANVISNINGEN FØRST. Det gjorde eg, men når eg ikkje går inn for å forstå -så forstår eg ikkje heller, så kransen kjem ikkje på plass utan at eg får hjelp av andre.Heile hjernen stenger av når eg skal løyse slike problem. Eg hadde eit ærend på apoteket, og så kjøpte eg litt mat på Bunnpris.Til middag i dag kjøpte eg såkalla julepølse og ein pakke med potetmos. Den bruksabnvisninga forstod eg , men resultatet vart ein kjempefast klump som skulle vere mos. Eg hadde nedi litt melk såpass eg greidde å røre rundt, men nokon goumet-mat vart det ikkje sjølv om eg blei skikkeleg mett. Kva eg skal styre med resten av dagen, veit eg enno ikkje. Det er så lett å "ta kvelden" når det er så mørkt ute, eg er i beit for strikkegarn men prøver å få til lestar av restar-kan no bruke dei sjølv, om ikkje anna. Sjølv om vi ikkje har spansklekse lenger, "jobbar" eg litt med spansken kvar dag utan at det tek for mykje tid.Eg reknar med at vi fer på trening i morgon, Marit og eg; den forkjølinga som eg kjende på klokka 5 i dagmorgon, den forsvann etter ei stund, så no har eg friskmeldt meg sjølv. PC-en virkar framleis.

søndag, november 29, 2020

Dagbok 2020: 29.november

Klokka er no 15.30, temperaturen ute er + 7 grader C , det er opplett, men likevel litt vått i lufta. I dag har det vore ein avslappa dag, rettnok har vaskemaskina gått, og eg har bakt brød, men mykje av føremiddagen sat eg framfor TV-en og såg serie-episodar i lag med Marit, ho hadde gått glipp av nokre, så eg inviterte henne til å sjå her på NRK TV. Etterpå ville eg fram på grava og tende lys og Marit vart med. Så kom vi oss litt ut i dag også. Eg ville ikkje gå tur på Vernet i dag sidan eg vart såpass låk i knea i går då eg gjekk ned og oppat frå hotellet med støvlettar med hælar. Det var ikkje bra. No har eg ete restar frå fredag til middag i dag, til kvelds ein gong ut på kvelden, skal eg ete av det ferske brødet. Eg skulle ha gjort både det eine og det andre, men det blir vel helst å slappe av med bok,TV og strikketøy. Og så vaskar eg klede i kjellaren imens. Eg skriv på storemaskina no, ho virkar ikkje heilt som ho skal, men håper det går bra med bloggen.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...