tirsdag, desember 01, 2020

Dagbok 2020: 1.desember

KLokka er 16.00 om fire minutt. Bildet over tok eg for ein time sidan. Det har vore ein fin og nesten klår dag i dag, men sola får vi ikkje sjå før neste år. Temperaturen er rett under 0 grader - så vidt. Dette vêret kan vi godt beholde-ikkje meg imot. I dag vakna eg grytidleg, med sår hals og tett nase. Eg vart liggande å grunde på om eg skulle satse på å teste meg eller ikkje. Det endte med at eg ville sjå tida litt an, men ikkje gå på trening. Vi gamle som trener i lag møter ikkje opp viss vi er forkjøla e.l.Vi er forsiktige, men så vidt eg veit er det ikkje smitte i Ørsta no.Eg var i fin form då eg stod opp, men valde å vere heime. Marit var på trening , men først kom ho ned til meg med C-vitamin tablettar som skulle løyse seg opp i vatn. Eg har tatt to av dei. Ein gong ho var forkjøla tok ho så mange slike at ho vart bra.I dag hadde eg lyst å gå tur på Vernet, men let vere fordi eg ikkje ville ha kald luft ned i halsen. Førre veka gjekk eg tur i silande regnver utan høvelege klede, eg var våt til skinnet då eg kom heim. Eg trur kanskje den såre halsen har litt med det å gjere. Det vart ikkje fridag på meg sjølv om eg skulka treninga. Eg fekk endeleg vaske på soverommet, for i dag kunne eg ha ut både golvteppe og sengetøy. Og sidan eg hadde vaskebytta der, for eg over bad og kjøkken med det samme.Og vaskemaskina vart sett til å vaske sengetøy m.m. Sjølv om vi ikkje har spansklekse lenger jobbar eg med saken med hjelp av You tube, tek meg økter ved PC-en som heldigvis har virka som han skal heilt sidan laurdag.Det blir visst ikkje nytt kurs før til hausten att, så eg må halde ved like det eg har lært. Det er kjekt-ikkje plikt. Til middag i dag laga eg grønnsaksuppe med pølse, det er godt, det er mest grønsaker-ikkje så mykje vatn/bullion. Eg har ikkje så mykje garn for hånden, så eg prøver å finne restar som kan bli til noko-restelester blir det helst eg sjølv som brukar. Eg tenkte eg skulle få einkvan til å hjelpe meg med dørkransen, men ville vente å sjå om eg var frisk elle brygga på noko.Eg trur eg vil gå for at eg er frisk.Even har vore her med ein sekk ved, og meir skal han komme med. I dag har eg fyrt litt i omnen, så blir det skikkeleg varmt og då klarer pumpa å halde det slik Bildet under tok eg rett før klokka 16.00.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...