fredag, desember 04, 2020
Dagbok 2020: 4.desember
Klokka er no 16.40, temperaturen er minus 1 grad, det har vore nydeleg vêr i dag, med sol på fjelltoppane. Men eg har for det meste vore inne.
Einar sende melding i går om at han ville komme ein tur i dag. Eg la i vatn pinnekjøt til suppe som eg laga til middag i dag. Så fekk eg brukt opp grønsakene som eg hadde liggande , blant anna. Eg kom plutseleg på då et nærma seg middag at eg skulle lage foccacia-brød til suppa. Og så gjorde eg det.
Elles gjorde eg ikkje så mykje på føremiddagen, fredagsvasken vart utsett til laurdag-eller ein annan dag.Einar kom kl.14, som han hadde sagt, men han ville at vi skulle fare fram på grava først, så vi ikkje mørkna ute. Så gjorde vi det. Eg hadde med meg batteri så eg fekk nyttlys i lyset.Men der var enno att litt lys frå batteria som eg sette i sist sundag.
Så åt vi middag og drakk kaffi før Einar hjelpte meg med diverse. Skifta lyspære, og ikkje minst, ordna opp på datamaskinene mine, slik at eg får samme FB-profilen på begge maskinene. Storemaskina har funka godt no siste veka, så no kan eg bruke berre den og sleppe å sitte med ei hand på kvar.Jobba litt med spansken i dag også, det gjeld å halde ved like det vesle ein kan, og kanskje utvide ordforrådet sitt.
Snakka nettopp med leigebuaren i kjellaren, dei skal reise heim den 10.des.Det vert tidleg kveld no for tida, begynner å mørkne i 3-tida,men eg er glad for kvar dag det ikkje kjem snø, og som sagt, idag var det ein nydeleg dag.
Eg vil ønske alle ei fin adventshelg. Eg kunne gjerne ønske meg ein tur på "byen" i morgon viss det er fint ver, men eg vil ikkje vere altfor sosial. Synd at vaksinen er forsinka, men ikkje mykje eg kan gjere med det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar