torsdag, oktober 09, 2014

Dagbok 2014: 9.oktober

I dag kom kongen på besøk.

Klokka er 17.15, temperaturen er + 10 grader og det regnar. Vi er etter kvart blitt vane med sol og fint vêr, så vi blir litt tyngre til sinns og i sessen når det skyar over. Men vi er også blitt vane med at det skin opp att, så vi fortviler ikkje.
I dag var Nils tidlig oppe; han og Matias skulle ut og drage linene klokka 7.30. Det varte og det rakk før Nils kom heim att, så eg trudde dei hadde fått mengdevis med fisk. Slik var det ikkje. Lina hadde sett seg fast i botnen, så dei fekk den ikkje laus same kor dei bala. Ja, ikkje heile lina då, ein god del fekk dei opp og ein god del fisk fekk dei, mest brosme, som Matias er veldig glad i. Nils skal kontakte ein kamerat som har kraftigare båt, og få han til å slite opp resten av lina. Nils har ikkje bilde frå turen, men Matias har lagt ut eit på FB. Eg får ikkje til å kopiere det derifrå.
Mens Nils var vekke tok eg heile fredagsvasken, dvs.vasking og støvsuging. Det vart ei stund med strikketøyet også før eg høyrde bilen på tunet. Så åt vi lunsj og kvilte litt før vi tok ein tur på butikken.
Godt alt som er unnagjort, for i morgon skal vi inn til Margrete ein tur i lag med damene frå Hareid.
Ein liten fugl flaug på ruta i dag, og Nils var ut og berga den. Ingen av oss kjende fuglen, men etter å ha lagt bildet ut på FB fekk vi tips om at det var ein fuglekonge, noko som stemmer med fugleboka mi.(Kunne ha funne fram boka først, men hadde lyst å legge ut bilda på Face.)
Nils kokar middag i dag, det blir fersk, kokt småsei, ein rett vi har relativt ofte.Og så blir det snart mørkt.
Vi studerte fiskedisken på Coop i dag, og så kom ei dame (kokk) og ville ekspedere oss. Då sa eg ifrå om at vi fiskar sjølve, men eg ville sjekke kor mykje vi sparer på det. Fisk i disk er utrulig dyrt, ikkje rart at folk et for mykje kjøt.

onsdag, oktober 08, 2014

Dagbok 2014 : 8.oktober


Klokka er 18.15. Temperaturen er +11 grader C, det er overskya og det har regna litt. Nils og Matias er ute og set liner som dei skal drage i morgon. Dei set kanskje linene i det som har fått namnet "Nils-medet"? Mange har fått mykje fisk på den staden som Nils har peika ut.No er det ikkje på slump han finn fiskeplassane, han har sjøkart med djupner og grunnar, som han studerer.
Sjølv har eg hatt kjøkkenteneste i heile dag, og det  likar eg ikkje. Men av og til må ein gjere ein liten innsats. I dag galdt det eple og pærer. Når ein er så heldig å få mykje gratis frukt, må ein sjølvsagt ta vare på den. Først laga eg eplekake med MYKJE eple i-og det tek si tid å reinske. Då er det berre å ta på seg forkleet "Verdens beste mormor" og putte iPoden i lomma og høyre bok mens ein reinskar.
Då eplekaka var komen i omnen, begynte eg på pærene. Dei skulle delast i båtar og kokast i sukkerlake. Det vart ein pause mens eg laga middag og åt, og så heldt eg fram til eg var ferdig. Vaska opp ein stor oppvask for hand og tømde oppvaskmaskina. Så vaska eg rundt på fliser, benkar og bord, så no er ordenen gjenoppretta. Og eg er passe sveitt.
Høyrde ferdig boka eg heldt på med, og begynte på ei anna bok som låg på iPoden, den handlar stort sett om ein mann som bankar alle andre såpass at dei verken kan krype eller gå.
Ikkje særli ROSA den boka, nei. Tvilsomt om eg fullfører.
Det er tidlig kveld, men det er åt og skymest ute, hausten er komen.

tirsdag, oktober 07, 2014

Bok nr. 64 - 2014: Når havet stilner

Et tåkete, folketomt Stavern, utenfor sesongen. En mann blir funnet bevisstløs på trappa til byens apotek. Han er skutt i magen, og det er tydelig at noen ville at han skulle bli oppdaget.

Snart finner politiet forkullede beinrester på en branntomt i nærheten. Når så et oppsvulmet lik skylles inn på stranden, forstår William Wisting at han denne gangen har å gjøre med en kriminalsak av helt nye dimensjoner. Og er det bare noe Wisting fornemmer, eller er det slik at krefter innad i politiet motarbeider etterforskningen? Jakten på sammenhenger fører han ut av Norge og inn i en skremmende virkelighet han trodde han var forskånet fra.

Dette er tredje bok om William Wisting.
...........................................................................
Denne forfattaren skriv autentiske og gode politiromanar. Det som skjer kunne godt ha hendt i røynda. Språket er nøkternt, utan store sprell. Og alle trådar blir nøsta opp. Det er berre så KJEDELIG.

Dagbok 2014: 7.oktober

Klokka er ca 20.00, temperaturen ute er ca +10 grader C og vi har hatt ein nydelig dag. Ikkje fullt så varmt som i går, men høvelig arbeidsvarme.
Etter at eg hadde gjort unna litt husarbeid, sette eg i gang med å vaske vindua mot altanen. Det gjer eg veldig lettvint. Først vaskar eg vindua grundig med mopp og  Zalovatn (+eddik) og så spyler eg dei med hageslangen. Det blir sjølvsagt ikkje heilt perfekt, men det kom seg veldig, for vindua var stygge etter siste storm.
Eg var akkurat ferdig då Nils kom heim, han hadde time hos fastlegen i dag. Det er rutine.
Eg laga ei vaffelrøre og dekka på bordet sidan eg venta Bodil og Svein på besøk. Steikte opp litt vaflar og gikk ut i hagen for å jobbe litt. Det varte ikkje lenge før gjestane kom, og vi fekk oss ein hyggelig prat. Det er ei stund sidan dei har vore her, men vi har besøkt dei fleire gonger i løpet av sommaren, når vi har vore på turar til nabofylket. Dei hadde ærend her i Ørsta; dei køyrde soldaten Magnus på flyet.Kjekt med slike uhøgtidelege visittar.
Etter at Bodil og Svein hadde reist, sette vi i gang med plenklipping. Det var eg som klipte det meste, mens Nils tømde oppsamlaren. Den blei fort full i dag på grunn av alt lauvet. Eg tok ein runde med kantklipparen også, så no ser det bra ut så lenge det varer. Vi må nok ta ein runde til når resten av lauvet har falle av trea. Året 2014 kjem nok til å gå over i historia som det finaste året ever. Då tenkjer eg berre på vêret.
Etter endt jobb varma vi opp blandaballj frå frysaren, og etter det vart det sofaen. Nils har planar om å sette ut liner i morgon kveld, eg håper på enda ein fin dag og uteliv.

mandag, oktober 06, 2014

Dagbok 2014: 6.oktober

Klokka er 20.00. Temperaturen er + 13 grader C og det er nydelig vêr og måneskin ute. Tidlegare i dag var det direkte varmt, særlig i sola.
Planane i dag var relativt uklare, særleg sidan Einar vart innlagd på sjukehuset i Volda i går kveld - til observasjon. Han og Olaug var åleine heime, Solveig og Øystein køyrde Håkon tilbake til Oslo.
Eg var ute og jobba litt i hagen på føremiddagen, men vart fort låk i ryggen og måtte gi meg.
Elles har eg vaska og rydda litt på gjesterommet som for tida fungerer som syrom. Ja, ikkje at eg har tenkt å sy noko som helst, men eitt og anna treng ein liten reparasjon.
Så ringde Einar frå sjukehuset, han var undersøkt for det meste, utan at dei fann noko, så han skulle heim. Eg blei med på turen, og vi fekk så vidt snakka litt med Olaug før ho for på trening. Einar var trøtt etter ei natt med lite søvn, så han ville berre ete og legge seg. Fårikål hadde han i kjøleskapet. No er han sjukmeld, så eg håper han kviler seg godt ut.
Vi handla litt på Rema 1000 på heimvegen, og så, etter å ha hengt ut ein klesvask, fekk eg legge meg på solsenga med lydbok. Nils kom og vekte meg og sa at middagen var ferdig. Han hadde kokt lange, poteter og gulrot. Eg hadde laga risengryns -melkesuppe før eg la meg ut, så det vart typisk Solund-mat. Slik som dei hadde i gamle dagar.
Naboane våre, først mannen, så kona, kom med store nett med eple og pærer frå garden sin i Eidsdalen. Så no får eg lage eplekake og hermetiske pærer. Som sagt så både gir og får vi her i gata.
Eg la meg ut att etter middag, men då vart det for kaldt, sidan sola forsvann frå altanen. Nydelege haustdagar, men all vinden har gjort at trea har mist mykje lauv. Denne tida er det ofte veldig fint på Austlandet sidan lauva heng lenger på trea der.

søndag, oktober 05, 2014

Dagbok 2014: 5.oktober

Klokka er 18.45. Temperaturen ute er + 13 grader. For ein time eller to sidan var det mykje varmare. Før middag var det regn og grått, men etter middag klårna det opp og sola kom fram. Vi hadde som ein mistanke om at finevêret ville kome utpå dagen, derfor gjorde vi middagen klar tidleg. I dag var det fårikål på menyen, og sidan det ikkje klårna opp før maten vart ferdig, åt vi tidlig. Vi åt opp alt, og det var bra, for eg er ikkje glad i restar. Fårikålen smakte heilt perfekt. Og det gjorde også middagsluren på sofaen etterpå.
DÅ skein det opp og vi skulle ut! Eg var ikkje i form til langtur, så eg gjekk ei runde her på Vallabøen; Nils reiste til Volda for å sjå Eirik m/fl. sparke fotball.Der er han framleis.
Det var eit underlig vêr mens eg var ute. Sola skein, men eg kunne sjå at det regna inne i dalane. Regnboge var der også. No er heile himmelen som gull. Håper at det varslar finevêr i morgon. (Alle bilda er tatt på same tid. Det øvste mot aust, dei andre mot vest.)






Bok nr.63 - 2014: Sommeren uten menn

 
        Mia og Boris har vært gift i 30 år. En dag finner Boris ut at han trenger en pause. Pausen viser seg å være fransk, ung og yppig. Det er duket for et sammenbrudd for den forsmådde Mia.    
Mia legges inn på psykiatrisk avdeling for en kortere periode. Deretter forlater hun hjemmet i Brooklyn, New York for å tilbringe sommeren hos moren i Bonden, småbyen hun kommer fra, et sted i Midtvesten.
Mia går gjennom hele følelsesregisteret, fra sammenbrudd og gråt, til hyl, raseri og bitter ironi
Levd liv og heftige diskusjonerI Bonden, sammen med moren og en lesesirkel bestående av hennes aldrende venninner - "de fem svanene", som de gamle damene kalles, damer som "lever intenst i nuet" - og sammen med en gruppe på sju jenter tidlig i tenårene, som Mia underviser i poesi, kommer vår heltinne langsomt til hektene igjen. Og det blir slett ingen begivenhetsløs sommer. De gamle kvinnene, inkludert moren til Mia, bærer alle sammen med seg sine liv og sine hemmeligheter som stiger opp til overflaten. Og blant de unge jentene som skal lære seg å skrive poesi, syder det av konflikter, konstellasjoner, sårhet og en helt egen og fascinerende mangel på empati som man gjerne finner i unge tenåringsjenter.

...................................................................................

For det første har eg brukt altfor lang tid på denne vesle boka på berre 5 CD-plater.

For det andre har eg hatt litt problem med å halde tråden, kanskje fordi eg har lese for lite om gongen, kanskje fordi opplesaren les litt for fort, for meg, eller kanskje fordi handlinga er litt springande.

For dei som vil lese denne boka, vil eg anbefale å lese den på papir, eller/og lese om den på nettet først. (Det er noko eg sjeldan gjer, men skulle ønske eg hadde gjor det denne gongen.) Eg ser ikkje bort frå at eg kan kome til å lese boka om att, for den er verkeleg bra. Såpass mykje fekk eg med meg.
Forfattaren er fødd i USA av norske foreldre og gift med den kjende amerikanske forfattaren Paul Auster.

Dagbok 2026: 3.november

  Klokka er no 20.00, temperaturen ute på trappa er +4 graderC, eg veit ikkje om det har regna for eg har knapt vore ute for ei dør i dag-og...