Klokka er 18.45. Temperaturen ute er + 13 grader. For ein time eller to sidan var det mykje varmare. Før middag var det regn og grått, men etter middag klårna det opp og sola kom fram. Vi hadde som ein mistanke om at finevêret ville kome utpå dagen, derfor gjorde vi middagen klar tidleg. I dag var det fårikål på menyen, og sidan det ikkje klårna opp før maten vart ferdig, åt vi tidlig. Vi åt opp alt, og det var bra, for eg er ikkje glad i restar. Fårikålen smakte heilt perfekt. Og det gjorde også middagsluren på sofaen etterpå.
DÅ skein det opp og vi skulle ut! Eg var ikkje i form til langtur, så eg gjekk ei runde her på Vallabøen; Nils reiste til Volda for å sjå Eirik m/fl. sparke fotball.Der er han framleis.
Det var eit underlig vêr mens eg var ute. Sola skein, men eg kunne sjå at det regna inne i dalane. Regnboge var der også. No er heile himmelen som gull. Håper at det varslar finevêr i morgon. (Alle bilda er tatt på same tid. Det øvste mot aust, dei andre mot vest.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar