Klokka er ca 18.45, temperaturen nesten + 10 grader og det er opphaldsvêr. Liknar lite på vinteren i fjor. Såg på FB at nokon har funne hestehov ved Hovdevatnet.
Eg har hatt ein relativt aktiv dag. Før middag støvsuga eg alle teppegolva grundig, før vi hadde ein liten tur til Vik. Handla litt mat blant anna.
Eg var invitert til lunsj hos ei veninne klokka 13.00. Vi fikk mykje godt, blant anna ein nydelig pai.Og praten gikk livlig.
Klokka 15.00 braut eg opp og reiste heim. Lars skulle køyre Ingeborg og Sandra til Vigra, dei skal tilbake til Kristiansand i kveld. Dei kom hit ca 15.30, Eirik , Amanda og Erlend var også med, så her vart fullt hus.
Margrete skulle komme hit etter arbeidstid, og ho kom før dei andre var reiste, såpass ho fekk seie "ha det" til Ingeborg ein gong ekstra.
No er Nils og eg her "åleine" igjen, og det er fredagskveld, litt vanskelig å halde greie på vekedagane i desse jule-og nyttårstider. Godt når alt kjem på plass igjen.
Amanda såg fram til å begynne på skulen att, sa ho.
For oss pensjonistar er det ikkje så stor skilnad.
Arne, svigerfaren til Rasmus, fyller 80 år i dag. Vi trudde det var berre 79 elles hadde vi sendt ei helsing. Men vi får gjere det godt att på sikt. Vi kan i alle fall gratulere med dagen!
fredag, januar 03, 2014
torsdag, januar 02, 2014
Dagbok 2014: 2.januar
Klokka 14.00, temperaturen + 9 grader C, det er opplett og litt vind. Det er som ein vårdag ute, berre lyset og sola manglar.
Då vi stod opp i dag, var Nils låk i ryggen. Det var for så vidt eg også, men eg kjem meg nesten alltid når eg kjem i bevegelse.Eg hadde planlagt å vaske alle golva etc. og det blei gjort. Støvsuge får eg gjere i morgon. Så er vi komne inn i den gamle tralten, med "fredagsvask".
Nils sin rygg betra seg også, men eg vart litt skeptisk då han gikk laus på granrota på hjørnet og ville ha den opp. No har eg ikkje tal på alle røter "Gubben og Gamla" har drege opp her på tomta - og andre stader; tre har blitt planta og tre har døydd eller vakse seg store og blitt saga ned. Av reiskapar som har vore brukte kan eg nemne både øks,sag, talje, tau, spett, slegge og bil m.m. I dag vart Nils ståande med kilar og slegge i timesvis, før han prøvde med tau og bil, men rota er framleis fast i jorda.
Denne grana vart planta til mamma sin 80 -årsdag i 1984, då vi kjøpte nokre busker og planta ganske nær veggen. Stakkars granbuska vart planta nær bakmuren og har ikkje hatt det verken feitt eller vått, så ho har nok strekt røtene maksimalt.
Då eg hadde vaska huset, og deretter håret, laga eg ei suppe av broccoli som eg fann ferdig reinska i kjøleskapet(frå 2.juledag). Laga den som ei blomkålsuppe med spedde på med litt purre og ein skalk av ei spekepølse. Etter to dagar med pinnekjøt, kan det vere OK med litt lettare mat.Og suppa vart fortært den. No er det pause i pensjoheimen.

onsdag, januar 01, 2014
Dagbok 2014 : 1.januar. Godt nytt år.
Dette bildet frå nyttårsnatta i Ørsta er det ein nabo på andre sida av vegen som har tatt, derfor viser heile huset vårt.
Klokka er 18.15, temperaturen ute er + 6 grader og det regnar litt. Før middag var det opplett og tørre vegar. Nils ville gå ein tur, men eg var frostig og urven, så eg orka ikkje. No har han vore ute og gått i mørkret, mens eg har styrt litt i huset. Eg er glad for at det er slutt på jula og helgedagane, likar kvardagar betre. Dei som må begynne på jobb igjen ser kanskje annleis på det.
Nyttårsafta i Ørsta vart feira med meir rakettar enn nokon gong. Eg synest det er greitt å skyte litt ved midnatt, men her var det som å vere i full krig frå tidlig ettermiddag. Og det var ikkje måte på kor det small. Vi måtte skjerpe oss for å få høyre kva som gikk for seg på TV.
Nils og eg var her "to-eine", som han seier, og hadde det rolig og bra. God mat og mykje TV. Som sagt hadde vi pinnekjøt m.m. og i dag åt vi restar. Trur det blir ei stund før vi får lyst på meir av det slaget. No gler eg meg til vanlige dagar med vanlig mat, og så skal eg sjølvsagt trimme meir, og ete mindre. Kven skal ikkje det, akkurat no?
Nils har snakka med systra si i telefonen i dag, elles har vi ikkje hatt kontakt med nokon anna enn på FB. Rasmus ringde i går kveld, det går bra med han, men han sit no der! Han ser fram til at han skal skifte gips.
Eg er enno ikkje ferdig med boka mi, det har blitt mykje TV no i jula, og tilsvarande lite lesing.
I dag kan vi gratulere nyttårsbarnet, Magnus, med 19 årsdagen !
Bok nr.71 -- 2013: Barfotdronningen.
Hun går i land i Càdiz – fri, men med ytterst få muligheter til å brødfø seg selv. Etter dramatiske hendelser ender hun i Sevilla hvor hun finner veien til sigøynerstrøket og med ukuelig pågangsmot får innpass og arbeid. Hun blir kjent med sigøynerkvinnen Milagros og de blir etter hvert uatskillelige venner.
Flamencoen vokser frem som noe mer enn sang og dans sigøynere imellom, men også som noe spanjoler er fascinert av. Dansen fører kvinnene til Madrid.
Falcones belyser de historiske og psykologiske prosessene som gjør det mulig for kvinnene – tross fordommer og ussel fattigdom – å tro på livet, forelske seg, tåle motgang og lidelser, og kjempe for det de mener er rettferdig.
...........................................................
Det er utrulig dumt å begynne på ei lydbok med 21 CD-plater midt opp i jula. Det blir lese mindre pr. dag og det tek utrulig lang tid å bli ferdig når kvar plate er på ca 70 minutt. Derfor kan det hende eg gjer boka urett når eg skal bedømme den.
"Barfordronningen" er, i likheit med "Havets katedral" av same forfattar, ein historisk roman. Men ikkje frå Barcelona. Denne gongen tek han oss med til sigøynermiljøet i Sevilla på 1750-talet. Sigøynarane lever etter sine eige skikkar og lover og menger seg lite med andre folkeslag.Og der er feidar mellom ulike sigøynerfamiliar.Så hender det at medlemmene i familiane blir spreidde rundt i landet, av ulike årsaker, og lesarane får innblikk i det som skjer i heile riket.Her er det mykje interessant historisk stoff innimellom.
Når ein skriv ein historisk roman,må ein gjere mange val. Kor mykje skal ein ta med av den "verkelige" historia, og kor mykje skal ein dikte inn. Som regel blir det til at forfattarane plasserer fiktive personar i ein historisk kontekst. Men så skjer det i denne boka, det som ofte skjer når eg les slike bøker; den fiktive historia blir berre så altfor eventyrlig, så langdryg og til dels uinteressant. Då eg las denne boka , hugsa eg noko som ein lærar skreiv som kommentar til ein stil eg hadde skrive: "Du har så lett for å skrive at du står i fare for å bruke for mange ord."
Forfattaren av "Barfotdronningen" har etter mi meining brukt altfor mange ord, noko som er særdeles tydelig når ein les lydbokversjonen og ikkje kan "skumme" kjedelige avsnitt.
Eg likte heller ikkje så godt "Havets katedral" -om det kan vere til trøst.(Eg veit at mange likte den).
Det beste med boka, var i grunnen etterordet.
Men FOR ein TV-serie det kunne blitt, om engelskmennene tok tak i fortellinga!

tirsdag, desember 31, 2013
Dagbok 2013: 31.desember.
Klokka er ca. 14.00, temperaturen ute + 6 grader og det regnar litt av og til. Det har vore ei grøn og mild jul . Ikkje har vi hatt særlig mykje vind heller-her hos oss. Men eg må innrømme at eg saknar snøen. Det at det er så fuktig i vêret likar eg heller ikkje, for det gjer at eg får vondt både her og der, mest i ryggen. Men stort sett har vi det veldig bra.
Akkurat no er heile huset fylt av lukta frå pinnekjøtet som står til damping. Sidan vi var på Hareid julafta fann vi ut at vi måtte ha juleribbe heime hos oss sjølve også. Nils og eg blir "åleine" her i kveld, etter eige ønske. Vi kosar oss med god mat og TV-program etc. Vi likar godt å ha det fredelig, kanskje fordi vi er blitt ganske gamle?
Vi hadde oss nettpp ein kopp kaffi med diverse attåt, så det blir sikkert sein middag. Det er Nils som styrer på kjøkkenet, men eg må vel i elden når rabbestappa skal lagast.
Føremiddagen har eg brukt til diverse husarbeid og så har eg rippa to bøker, på same tid som eg har strikka på ein lest. Nils gikk ein tur i skogen, då må han gå åleine, for det makta ikkje eg.
No vil eg ønske alle ein fin nyttårskveld og alt godt i det nye året.

mandag, desember 30, 2013
Dagbok - 2013: 30.desember
Klokka har passert 19.00. Ute har det vore mørkt og vått i heile dag, no er temperaturen litt over +7 grader C.
Nils hadde tenkt seg på sjøen i dag, og eg hadde planlagt aktivitetar i heimen. Men då vi sjekka yr.no hadde dei auka vindstyrken frå 2m/sek. til 7m/sek. og det er for mykje vind til å fare ut i den vesle båten.Nye planar. Vi har tre ærend, eg skal på biblioteket, Nils treng ny svenskepilk,700gram, som tener som søkke på snøret, og så må eg ha ny dagbok til nyttår.
På biblioteket fann eg papirutgåva av Alice Munro- novellesamlinga, den som Margrete anbefalte + to kriminalromanar, den eine av av Øystein Wiik. Viss de synest namnet hans virkar kjent, så er det rett. Han var operasongar og ofte på TV før i tida. Svenskepilkar av den storleiken er det berre Europris i Volda som har, og vi tok turen. Andre ærend hadde vi ikkje i Volda i dag. Til slutt hamna vi på Amfi, der eg kjøpte same slags dagbok som i fjor. Dei som eg har hatt i alle år før, finst visst ikkje lenger. På Coop forsynte eg meg med ei stor trillevogn, den blir som regel full. I dag fann eg berre tre ting eg hadde bruk for. Følte meg litt teit då eg kom til kassa.
Med det same vi kom heim, ringde Ellen-Marie, og vi hadde ein hyggelig prat, mens Nils koka poteter. Det blei spekepølse og poteter til middag i dag, så no får eg vel i meg litt drikke. Har problem med å få i meg nok væske.
Det vart ein lang middagslur med bok på øyret, for no har eg fått det slik at eg føler at eg kunne sove støtt.........igjen. Var ganske våken nokre dagar.
Her kom eit heilt nissekor på trappa og song til oss, og for ein gongs skuld hadde vi snop i huset som vi kunne gi dei.
No har Nils rømt ut i garasjen for å kjøle seg ned litt. Litt av ein vinter dette. Eg ønsker meg snø, så det kan bli lysare, men så skal eg ikkje ut i gryotta, og ikkje skal eg mòke heller.
Ønsker alle ei god nyttårshelg!
søndag, desember 29, 2013
Dagbok 2013: 29.desember.
Rjåneshamna i dag. Det er skipet vårt som er nærmast.
Klokka er14.30, temperaturen + 4 grader og det er lyst ute, ser sol i skyene. Vi har ete middag ein time for tidlig i dag, og det er mi skuld.Eg såg på klokka i bilen, og gløymde at den framleis viser sommartid. Samma det, middagen er fortært, og det er enno mykje att av dagen. I dag hadde vi steikt kveite. Dei to siste dagane har gått med til å berge restar frå kjøleskapet. No ser vi slutten på det prosjektet, men matalens er vi ikkje.
I dag var vêret såpass at det gikk an å ta ein tur. Nils ville ut og sjå til båten og eg tok meg ein liten fototur. Eg går berre på den asfalterte stigen som er berekna for handikappa og rullestol blant anna.( Fikk ein litt artig kommentar frå ein tidlegare elev på FB då eg skreiv stigen, men sti og stig er faktisk jamstilte på nynorsk, på bokmål heiter det sti.)
Det var kjekt å sjå at den "fiskebrygga" som vart øydelagd av Dagmar no endelig var reparert. Det går an å køyre utpå desse to bryggene med rullestol og sitte der og fiske.Eg gikk ut på den nyreparerte og tok bilde.
Utsikt frå fiskebrygga mot Eiksund, og brua.
Det kom akkurat ei byge med regn og litt vind då vi var der ute, her inne låg fjorden blank som ein spegel. Nils meinte han godt kunne ha vore ute og fiska i dag.
På heimturen var vi ein tur fram på gravplassen og såg til gravene til fleire "gamle" naboar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...