mandag, desember 30, 2013

Dagbok - 2013: 30.desember

Klokka  har passert 19.00. Ute har det vore mørkt og vått i heile dag, no er temperaturen litt over +7 grader C.
Nils hadde tenkt seg på sjøen i dag, og eg hadde planlagt aktivitetar i heimen. Men då vi sjekka yr.no hadde dei auka vindstyrken frå 2m/sek. til 7m/sek. og det er for mykje vind til å fare ut i den vesle båten.
Nye planar. Vi har tre ærend, eg skal på biblioteket, Nils treng ny svenskepilk,700gram, som tener som søkke på snøret, og så må eg ha ny dagbok til nyttår.
På biblioteket fann eg papirutgåva av Alice Munro- novellesamlinga, den som Margrete anbefalte + to kriminalromanar, den eine av av Øystein Wiik. Viss de synest namnet hans virkar kjent, så er det rett. Han var operasongar og ofte på TV før i tida. Svenskepilkar av den storleiken er det berre Europris i Volda som har, og vi tok turen. Andre ærend hadde vi ikkje i Volda i dag. Til slutt hamna vi på Amfi, der eg kjøpte same slags dagbok som i fjor. Dei som eg har hatt i alle år før, finst visst ikkje lenger. På Coop forsynte eg meg med ei stor trillevogn, den blir som regel full. I dag fann eg berre tre ting eg hadde bruk for. Følte meg litt teit då eg kom til kassa.
Med det same vi kom heim, ringde Ellen-Marie, og vi hadde ein hyggelig prat, mens Nils koka poteter. Det blei spekepølse og poteter til middag i dag, så no får eg vel i meg litt drikke. Har problem med å få i meg nok væske.
Det vart ein lang middagslur med bok på øyret, for no har eg fått det slik at eg føler at eg kunne sove støtt.........igjen. Var ganske våken nokre dagar.
Her kom eit heilt nissekor på trappa og song til oss, og for ein gongs skuld hadde vi snop i huset som vi kunne gi dei.
No har Nils rømt ut i garasjen for å kjøle seg ned litt. Litt av ein vinter dette. Eg ønsker meg snø, så det kan bli lysare, men så skal eg ikkje ut i gryotta, og ikkje skal eg mòke heller.
Ønsker alle ei god nyttårshelg!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Beklager at dagbok falt ut iår. Det blei litt hurtighandel med mobilen i hånda I tilfelle pasienten trengte hjelp.
W

Besta sa...

Det var ikkje slik meint. Eg sa til Rasmus eit år at eg ville slutte å skrive dagbok, men så ombestemte eg meg. Det viser seg nemlig at vi hugsar ikkje så godt lenger, så eg må nokså ofte slå opp i notatane. Problemet er at dei fleste dagbøkene eg fann var tilpassa næringslivet, meir som ein timeplan. DET treng ikkje eg. Elles må eg takke for alt det gode som var i julepakken.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...