mandag, juli 16, 2018

Dagbok 2018: 16.juli

Klokka er snart 20.00. Temperaturen er no + 25 grader, men det har vore varmare før i dag. Stilt og heitt har det vore-noko som er heilt nydeleg. Eg har sveitta og styrt på. Det er berre herleg. Skulle gjerne hatt det slik heile året- ja, med små regnbyer om natta hadde det vore heilt perfekt, for no er det litt for tørt. Likevel står rosene så fine-dei likar ikkje regn.
Rasmus og familien hadde bestemt seg for å reise i dag, og hadde bestilt rom på hotell på Hamar. Vi stod opp tidleg etter vår målestokk, og i 10.30 tida for dei. Rasmus hadde med seg takboks denne gongen, og tok gjerne imot mykje som eg gjerne ville bli kvitt. Det er litt merkeleg, for Rasmus er ikkje så lik Nils, men alle kleda til faren kan han bruke. Eg synest det er bra, for har ikkje lyst å kaste alt i innsamlingsboksar. Så er også Eivind etter kvart like høg som faren, men ganske mykje spinklare.
Det blir stilt i huset når fem personar reiser-eller kanskje ikkje. For her får husarbeidet kvile mens eg har gjestar, så i dag vart det å sette i gang med klesvask, oppvask, støvsuging, vasking etc.etc. så direkte stille har det ikkje vore. Det er godt å ha noko å styre med når ein blir åleine igjen. Denne årstida er det ikkje så dramatisk å bli åleine, for det er folk overalt og nok å gjere både ute og inne. I morgon blir det ute-jobbe-dag før regnet som er meldt kjem. Viss det kjem-vi treng det
Har vore litt ute på altanen i dag. Sov nesten ikkje sist natt, så eg var trøytt. Sovna ei lita stund på solsenga.
Det var ikkje så trist då dei for i går, for eg veit at eg kan ta ein tur til Kongsber når det lid på, men eg reiser ingen stad med det første. Har mykje å styre med her først.No skal eg finne fram og lese Møre-Nytt frå fredag, og sjå om der er noko å sjå på TV.


søndag, juli 15, 2018

Dagbok 2018: 15.juli

Klokka er snart 20.00, temperaturen på trappa er +26 grader C, skodda og skyene er nesten borte og sola er så vidt framme.
Wenche og Rasmus driv og pakkar bilen full, dei skal reise i morgon, og overnatte på Hamar, før dei reiser heilt heim. Dei hadde visst ei ærend på Ikea, det er det eine, og så er det ikkje alle som likar like godt å køyre bil. Dei har hjelpt meg med mykje mens dei har vore her, og så har dei nye oppgåver som ventar heime. Der har dei oppussing på gang.
I dag hadde Rasmus og eg eit ærend på Plantasjen, og så var vi innom Bunnpris for eit par småting.
Vi nytta også høvet til litt lærekøyring. Eg har knapt no køyrt bil etter at eg vart pensjonist, så eg var i tvil om eg i det heile tatt greidde det. Eg kan ikkje seie at køyrelæraren var imponert, men heller ikkje heilt avvisande. Eg køyrde frå flyplassen, bort Torvmyrvegen først, snudde, køyrde forbi bilbutikken, opp til Tussa, Biltilsynet, ned att og inn på hovudvegen, tok av opp Anders Hovden gata, men så kom vi på at vi skulle på Bunnpris, så eg køyrde opp til Ungdomsskulen,stoppa og let Rasmus overta.
Seinare fekk eg eit par timar med gode råd om kva slags bil eg skal kjøpe meg/bytte til. Rasmus er veldig FOR el-bilar, men dei er det så stor etterspørsel etter her i Ørsta at dei er vanskeleg å skaffe. Og bror min er IMOT el-bilar. Det er ikkje godt å vite kven ein skal høyre mest på. Eg seier at eg vil sjå det litt an, for Krumsvik lova å ringe meg om dei fekk inn små bilar med automatgir. Ein ting er sikkert : Søndag føremiddag er ei fin tid for lærekøyring.
Så lage vi middag og åt før fotballkampen, som ingen gadd å sjå, men vi fekk med oss resultatet. Middagen i dag var hamburgarar. Eg let Rasmus bestemme , slik at gutane får det dei et og vil ha.
Is og kaffi etterpå. Eg har blitt kvitt mange restar mens eg har hatt besøk- men fått nye restar å gnage på i staden. Det vir tomt når dei reiser, men kan vere greitt å få orden på eit "bomba" hus. Og eg har lova å komme til Kongsberg til hausten. Det er Ingar som har fått rommet "vårt" no, men han har lova at eg skal få låne det.
No vart det veldig fint ute!

Dagbok 2018: 14.juli

Klokka er alt eit kome eit kvarter inn i den nye dagen. Her i huset startar vi dagen seint, og sluttar enda seinare. Temperaturen ute er + 16 grader C, og det har vore finare vêr i går. Sola var framme ei stund og då var det varmt. 
I dag har vi ikkje gjort så mykje, men det var heller ikkje planen. Rasmus har fått saga sund det meste av ROTA, han har lært meg å file motorsaga og kjøpt olje som eg skal fylle på Wenche og eg sette i hop att den gamle kompostkassa, og så er planen å kjøpe ei i tillegg, til å ha gras i. Vi jobba ei stund ute, men så tok dei med seg gutane på handel av diverse, mens eg vart att heime. Eg begynte så smått å gjere klar til Taco før dei kom heim, tømte oppvaskmaskin, brette ein klesvask og plukka bær. På føremiddagen steikte eg sveler, noko som fall i god jord, særleg hos minstemann som meinte vi kunne ha sveler til middag også. Vi er i grunnen ikkje så produktive, brukar det meste av tida til å lagemat, ete og prate. Litt TV innimellom. Men vi kosar oss i lag. Gutane er veldig fredelige, det går mykje i data. Wenche strikkar og eg ryddar litt innimellom. Det er FERIE. Det einaste vi har planlagt for morgondagen, er middagen.
I dag er det bryllaupsdagen til Wenche og Rasmus, det er 18 år sidan dei gifta seg på Mauritius. 
Det er mamma sin fødselsdag-ho vart fødd i 1904.
Og så er det Frankrikes nasjonaldag: Allons enfants de la Patrie. Le jour de gloire est arrivé !  (Må berre briefe litt med at eg kan Marseillaisen utanåt- men berre første verset)

lørdag, juli 14, 2018

Dagbok 2018: 13.juli

Klokka er 1.30 natt til laurdag,. Temperaturen er +12 grader og skodda har lagt sid i dag også. Litt irriterande at finevêret skulle forsvinne når gjestane våre kom. I dag har vi vor mykje inne. Og ikkje har vi gjort noko storarbeid heller. Wenche og Rasmus var nedover og handla, eg eg drive med litt oppvask og klesvask, men mest har vi ete, drukke kaffi og prata.
Margrete og alle dei tre heimeverande barna kom på besøk og hadde til Ingar si store glede med seg hunden Charlie.
Menyen var det stort sett Rasmus som hadde komponert: Spekemat, potetsalat, loff m.m. + vaflar. Vaflane var det eg som hadde ansvaret for, og så hadde eg litt kake frå frysaren. Vi tek det relativt lettvint. Vi hadde det i alle fall kjekt, og så var det no kjekt for Kongsberg-gutane å få selskap av litt yngre folk. No har alle lagt seg, så no skal eg også finne senga.
Bildet har eg rappa frå Margrete sin blogg. Her er Rasmus sine tre gutar+ Erlend og Amanda. Eirik var på jobb, men kom litt seinare.

torsdag, juli 12, 2018

Dagbok 2018: 12.juli

Klokka er 21.20, temperaturen er +15 grader C. I dag har det vore sid skodde heile dagen - og ikkje sol i det heile tatt. Eg vakna tidleg, det gjorde ikkje dei andre.
Rasmus ville at vi skalle fare bort på bilbutikken tidleg på dag. Vi ville vite kva bilen min var verd og om det var råd å få seg ein mindre bil, helst med automatgir til ein rimeleg pris. Bruktbilar som svarte til forventningane hadde dei ikkje, og den Nissanmodellen som er mindre enn vår, var 4 cm smalare og berre nokre få cm kortare. Og kosta dobbelt så mykje som det vi ville fått for vår bil. Bilforhandlaren rådde meg til å behalde bilen eg har , så lenge, men viss han fekk inn ein bruktbil som svarte til krava mine, skulle han ringe. Vi får sjå kva det blir til.
Så var vi inn på Amfi og kjøpte ei gardintrapp og ei sag på Clas. Mat handla vi på Bunnpris i dag.
Ikkje lenge etter at vi var komne heim att kom Solveig og Øystein i kvar sin bil, den eine var min, så no er den heime att. Nokon køyretur har det ikkje blitt i dag...….
Etter at vi hadde drukke kaffi i lag med Solveig og Øystein, vart det action. Wenche sette i gang å grave opp den granrota mi som stod att frå i fjor. Rasmus hjelpte til med spett og spade, og jammen fekk den opp på relativt kort tid. Draumen min var å få tømt den gamle komposten i den raude kassa ned i holet, og det greidde dei også. Men mi velsigning saga og slo Rasmus sund hagemøblane og kompostkassa, Wenche og eg rydda opp det grøvste, men noko må vente litt, for eg skal levere det som boss, litt etter litt.
Til slutt starta eg klipparen og for over plenen og tok opp rusk og rask, men først raka vi.
Så vart det middag med ovnsteikt kylling og ris. Rimeleg lettvint.
Det har vore ein veldig aktiv dag, men Wenche og Rasmus får gjort veldig mykje på kort tid. Eg er veldig fornøgd kvar gong noko "kjem på plass". Men hadde dette blitt gjort i vår, kunne eg ha sett poteter i "hola. No skal eg jamne til og så gras, slik at eg får litt meir å klippe på.






onsdag, juli 11, 2018

Dagbok 2018: 11.juli


Klokka er 22.30, temperaturen ute er + 16 grader. Det har vore ein fin dag, men ikkje så veldig mykje sol, mest mot kveld.
Rasmus og familien kom i 20.30 -tida i går kveld. Vi åt og prata til langt over midnatt.
I dag tak Rasmus og Wenche alle dei 17 sekkane med hageboss og køyrde dei bort på VØR, så no er eg kvitt dei ! 
Gutane og eg var heime. Seinare var Rasmus og eg ein tur ned på Spar og handla matvarer.
Eg plar alltid lage lasagne til Rasmus og dei kjem, denne gongen hadde eg ikkje gjort det, så i dag meinte Vebjørn at vi kunne ha lasagne til middag. Eg tenkte kanskje dei var lei av å få det samme støtt, men det er visst blitt ein tradisjon.
Det blei sein middag, men det er dei vande med. eg brukar ikkje å lage middag, så no et eg vel for mykje.
Det er Rasmus som planlegg og ordnar ut med det meste. I morgon har han visst tenkt at vi skal kvitte bilen. Eg er ikkje så veldig gira på det, men veit at det må gjerast noko.
Eg har eit snev av eit gammalt problem i v. hofta,  så eg er redd det er noko på gang. Er det noko eg ikkje vil ha att, så er det akkurat det problemet. Håper det beste.
Vi har det bra, og eg blir kvitt litt av fryselageret mitt, har putta litt av kvart i frysaren i seinare tid. No er gulrotkaka vekk- og takk for det.
rasmus og gutane var ute og "trimma" mens eg laga middag. Kva eg skal finne på til mat i morgon veit eg ikkje. Får høyre med Vebjørn, han er den som seier ifrå.
Margrete kjem hit på fredag, då skal ho visst hente seg ei kompostkvern, motorsag har ho alt skaffa seg.

tirsdag, juli 10, 2018

Dagbok 2018: 10.juli

Klokka er no 19.40. Temperaturen er + 23 grader C, og i dag har det vore varmare enn på lenge synest eg. Sola har stråla frå skyfri himmel og det har knapt vore eit vindpust.
Eg begynte å vente på Rasmus med det samme eg stod opp, enda han hadde sagt han skulle komme utpå kvelden. Slik er eg støtt når nokon skal komme. Eg fekk melding i 19.30-tida, då var dei i Stryn, der Ingar var komen opp på ein rosa traktor. Eg forstår det slik at dei har køyrt Flya i dag.
Eg har tatt det veldig med ro i dag, var redd eg skulle få trøbbel med hofta, men det ser ut til å gå bra. Eg har styrt litt inne, vatna litt ute, lege  på solsenga etc. Men no i kveldinga heldt eg ikkje ut lenger, eg berre MÅTTE slå plen. Klipte rundt huset og opp mot gata, skråninga får stå. Eg vart rimeleg sveitt, så no går det i Cola light her.
Tenkte eg like godt kunne skrive blogg no mens eg er her åleine. Seinare blir det ikkje så mykje tid til det.
Rips og bringebær begynner å modne, og eg plukkar litt jordbær kvar dag, men trur skjora får sitt.
Kvar dag gløymer er 19-nyheitene, for eg forstår ikkje at det er kveld. Ein slik sommar kan eg knapt hugse-det må i så fall vere i barndommen, for då var vel alle somrar slik-var dei ikkje? Men i avisa skriv dei om U-år, og det er det kanskje for bøndene - og det er trist- når vi som berre har ein liten hage kan kose oss og nyte finevêret.
Eg kan hugse nokre fine somrar 1963-då Solveig vart fødd, 1965- då ungane og eg budde på Eid og Nils jobba i Høyanger, 1968-då Margrete vart fødd, og 1997 då Eirik og Olaug var fødde. Eg ser at viss ein har noko å knytte det til, så hugsar ein betre.
No må eg stad og hente opp NYHETSKANALEN.

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk ...