onsdag, juli 11, 2018
Dagbok 2018: 11.juli
Klokka er 22.30, temperaturen ute er + 16 grader. Det har vore ein fin dag, men ikkje så veldig mykje sol, mest mot kveld.
Rasmus og familien kom i 20.30 -tida i går kveld. Vi åt og prata til langt over midnatt.
I dag tak Rasmus og Wenche alle dei 17 sekkane med hageboss og køyrde dei bort på VØR, så no er eg kvitt dei !
Gutane og eg var heime. Seinare var Rasmus og eg ein tur ned på Spar og handla matvarer.
Eg plar alltid lage lasagne til Rasmus og dei kjem, denne gongen hadde eg ikkje gjort det, så i dag meinte Vebjørn at vi kunne ha lasagne til middag. Eg tenkte kanskje dei var lei av å få det samme støtt, men det er visst blitt ein tradisjon.
Det blei sein middag, men det er dei vande med. eg brukar ikkje å lage middag, så no et eg vel for mykje.
Det er Rasmus som planlegg og ordnar ut med det meste. I morgon har han visst tenkt at vi skal kvitte bilen. Eg er ikkje så veldig gira på det, men veit at det må gjerast noko.
Eg har eit snev av eit gammalt problem i v. hofta, så eg er redd det er noko på gang. Er det noko eg ikkje vil ha att, så er det akkurat det problemet. Håper det beste.
Vi har det bra, og eg blir kvitt litt av fryselageret mitt, har putta litt av kvart i frysaren i seinare tid. No er gulrotkaka vekk- og takk for det.
rasmus og gutane var ute og "trimma" mens eg laga middag. Kva eg skal finne på til mat i morgon veit eg ikkje. Får høyre med Vebjørn, han er den som seier ifrå.
Margrete kjem hit på fredag, då skal ho visst hente seg ei kompostkvern, motorsag har ho alt skaffa seg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.august
I dag har det regna, og eg har ikkje sett sola Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså over...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar