onsdag, mars 18, 2026

Dagbok 2026_ 18.mars

 No er klokka 2040, ute regnar det og mørkt er det også. Temperaturen på trappa er + 8 grader c, så kaldt er det ikkje.

I dag har eg vore heime og inne nesten heile dagen. Eg har gjort onsdag til vaskedag, men så veldig mykje har eg ikkje vaska eigentleg. Eg går no her med denne handa mi, men eg synest  at ho skulle vore bra att no-men det er ho ikkje.

Eg var ein tur nedover og handla mat utpå ettermiddagen, eg var ned på Spar i dag. I morgon skal eg på flyplassen før klokka 9 for då kjem Rasmus med flyet frå Oslo, Når han reiser igjen, blir det med bilen min, som han har tenkt å reparere- og komme tilbake med.Snakk om sørvis! Eg har snille barn og snille naboar som hjelper meg med mange ting. Elles kunne eg ikkje ha budd her i huset mitt for det er litt av kvart som skjer med eit hus også når åra går.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026_ 18.mars

 No er klokka 2040, ute regnar det og mørkt er det også. Temperaturen på trappa er + 8 grader c, så kaldt er det ikkje. I dag har eg vore he...