Klokka er no 16.47, temperaturen ute er +13 grader C, det er overskya og litt vind, men det er opplett.
I dag tidleg hadde eg tenkt meg på treninga, men eg fekk så mykje anna å tenkje på at eg gløymde tida. Handa er ikkje god att enno og den er verst om morgonen.
Men eg kom meg på ein liten tur på Fonnvernet, i dag møtte eg ein som eg kjenner og prata med han. Det er så godt å komme seg ut litt og få litt mosjon. Her heime har eg gjort lite og ingenting, men har fått i meg litt mat. Marit hadde fått vore til frisør i dag og var blitt klipt, så eg måtte opp å sjå henne. Ho er så tolmodig, sit mykje i ro og åleine, men klagar ikkje.
Elles har eg fått ei god melding frå Rasmus, han kjem hit med fly torsdag morgon ca klokka 9,og reiser igjen på laurdag. Slik er planen i alle fall. Ser fram til at han skal kome-det er så kjekt.
I morgon skal eg liksom ha vaskedag, men eg får ikkje gjort all verda så lenga handa mi ikkje er god. Eg veit ikkje kor lenge eg skal gå slik og ikkje få gjort alt eg kan og vil.Tenkjer på hagen også, der er det alltid noko som må gjerast. Folk ventar vel ikkje så mykje av meg no når eg er så gammal, men sjølv har eg forventning om mykje eg skal gjere-
No er det vel begynt å vere vårleg og fint, men eg synest vi har hatt ein lett vinter med lite snø og kulde.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar