No er klokka ca18.30 og det har begynt å mørkne ute.Eg kom att frå ein tur på Vernet for ei lita stund sidan. Eg prøver å gå annankvar dag for å sjå om venstrefoten toler såpass mykje
Elles har det vore litt av kvart eg har gjort i dag. Det første var sjølvsagt at eg stod opp og gjorde meg klar til ein tur på butikken , før eg gjekk på legesenteret der eg hadde time med legen min for- siste gong. Ho skal nemlig gå av med pensjon til sommaren. Eg synest det er leit at ho sluttar, men unner henne å få vere pensjonist.
Då eg kom heim fann eg meg litt middagsmat frå i går, og når eg sit det og et slår det ein tanke ned i meg: "Eg betalte ikkje på legesenteret i dag." Full fart på med sko og ut i bilen, så var det berre å køyre beine vegen ned og der fekk eg betalt det eg skulle og så var det heim att.
Marit ville gjerne at eg skulle komme opp ein tur, så det vart neste post på programmet. Der var eg til dei skulle ha middag, då gjekk eg heim og tok på meg meir klede før eg gjekk på Vernet. Der var nokre andre som gjekk tur også, og eg møtte Matias prest og kona ; dei stoppa og prata litt og det var no kjekt.
Det har vore ein litt "travel" dag, men eg likar at det sker litt. I morgon skal eg ha vaskedag trur eg, eg har flytta dagen for vask frå fredag til onsdag, så får eg betre tid til sudokuen på fredag.
Eg har ikkje ete så mykje i dag, så no må eg finne meg noko godt-fordi er fortener det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar