Klokka er no 17.40,temperaturen ute er +9 grader, det er overskya og litt vind. Tidleg i dag var det fin sol ute. I dag hadde eg planlagt kva eg skulle gjere, men eg kom ikkje i gang før eg hadde fått i gang telefonen min-og det tek si tid.
I dag skulle eg på verkstaden og snakke om EU kontroll, men eg var ikkje heilt klar til å sette frå meg bilen, for den må eg ha i morgon når eg skal til legen på halvt-års-kontroll. På vegen nedover kom eg på noko, viss eg venta litt med EU-kontrollen så kunne eg få sett på sommarhjula på samme tid. Eg snakka med han på verkstaden og han meinte vi kunne vente ei veke. Kor lurt det var vil eg ikkje uttale meg om. Eg veit til dømes ikkje kor bra sommarhjula er etc. Skulle hatt Rasmus her- For å vere heilt ærleg så har eg ikkje så mykje vet på bilar-enda eg vaks opp med ein far og ein bror som visste det meste om dei. Dei informerte vel ikkje meg så mykje.
PÅ veg heim att var eg bortom grava og der såg alt fint ut. Julekransen var like fin og ein lyngplante hadde også greidd seg fint over vinteren.
På heimvegen var eg innom KIWI og handla litt mat og då eg kom heim var eg opp til Marit og prata ei stund. Ho vil gjerne at eg skal komme på besøk og vi har det kjekt i lag.
Eg laga meg skikkeleg middag då eg kom heim, det gjer eg ikkje så ofte. Så sette eg meg i godstolen og såg TV-mens eg slappa av. I dag skal eg ikkje gå på Vernet, det klarer seg med annankvar dag, blir det oftare kan det bli for mykje for eine hofta, som ikkje er heilt god. Det er mykje som melder seg etter kvart som åra går,men det tek lit tid å forstå korleis det er å vere gammal.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar