Marit har fleire fine rosa rhododendron på muren ved garasjen, dei pyntar opp i nabolaget.
Klokka er no 19.40,, temperaturen ute er +16 grader C. Det har for det meste vore skya i dag, men også sol. Mest opplett trur eg. Men eg har vore litt utafor alt. Eg gjekk ikkje på treninga i dag, for eg følte meg ikkje heilt bra. Eg var oppe klokka 6, men fekk ikkje til å sove når eg la meg att. Eg prøvde å rydde opp i alle kleda som eg vaska i går, og det meste kom på plass, men alt var ikkje tørt enno.
Eg var ein tur på butikken med bil, men elles har eg halde meg inne. Har sete og strikka og sett TV for det meste. Det må no vere noko som feilar meg når eg er så sløv, men eg har time hos legen snart, så då får eg vel litt opplysning.
I dag kunne eg no ha gjort mykje i hagen viss eg satsa på det-men det gjorde eg ikkje. Når eg ikkje går på Vernet er det fordi eg har låkt i venstre hofta-og det er heilt reelt.
Eg har stor glede av alle dei fine potteplantane eg fekk til bursdagen min, dei får både vatn og stell. Men eg skulle ha stelt ute også. Naboen har klipt plenen ovafor garasjen, det gjer han alltid så det er fint opp mot gata.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar