mandag, juni 02, 2025

Dagbok 2025: 2.juni


 Klokka er no 19.50, og bildet over tok eg for eit par minutt sidan. Vi har ikkje så mykje kveldsol her eg bur, men ei lita stund til har vi vel solskin. Det kjem vel med, for det lid på dag før ho kjem. Det er +10 grader ute no, så det er ikkje akkurat sommartemperatur  vi har.

Denne dagen har vore litt spesiell fordi eg har styrt med litt ymse. Det første var at eg var på banken og fekk meg ny Bank ID. den eg hadde fekk eg med det samme dei begynte med det, så den var gammal og heilt utsliten.  Eg køyrde rett heim etterpå og fylte bilen med hageavfall i sekkar og køyrde dei på VØR. Der var ei anna eldre dame også og vi var samde om at VØR-det var det godt å ha.Eg har bort graset også no, for det blir altfor mykje å ha her heime-sjølv om det blir mold til slutt. Mat tek eg meg når eg er svolten, så eg kan ikkje snakke så mykje om måltid.

Men så fann eg ut at eg kunne begynne å rydde i alle klesskapa mine, ja ikkje alle i dag, eg greidde eit halvt. Eg vurderte det eg fann, og mykje vart sendt til vaskeriet i kjellaren der eg har sett på den 3.maskina no. Viss kleda skal brukast, må dei no vere nyvaska, synest eg. 

Etter kvart vart det litt finare ver ute, det er heilt typisk her, regn tidleg på dag og sol når det går mot kveld. Så fekk eg gjort aldri så lite i hagen også, såpass eg fekk begynne å samle i ein ny sekk. 

Eg har ikkje gått på Vernet i dag, for venstre hofta er ikkje heilt god, så derfor blei det litt hagearbeid i staden. I morgon er det trening igjen, eg trener det eg synest eg kan, men sparer på hofta. I kveld får eg vel ein sudoku å bryne meg på i Møre Nytt.

                                                             Eit siste solstreif i hagen

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 8.mars

Klokka er no 16.30, det er overskya ute, men opplett. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Fonnvernet. Det var kjekt der i dag, for eg møtte e...