fredag, mars 28, 2025

Dagbok 2025


Klokka er no19.45 , temperaturen ute er +10 graderC og det har vore fint ute i dag-men eg har vore inne. I dag er det 85 år sidan eg først såg dagens lys på sykehuset på Eid.

Eg hadde ikkje lagt opp til stor feiring, men dei to døtrene mine hadde laga smørbrød og kjøpt kake -ja eg hadde no laga litt sjølv også, men vi hadde ikkje noko stort selskap . Det var berre to av barnebarna som bur i nærleiken, dei andre er speidde for alle vindar. 

Men du store verden kor mykje blomster eg fekk. Eg har hatt problem med å få potteplantane til å trivast, men eg tenkjer at det kan bli betre når eg sluttar å fyre. Eg fekk bukettar også, frå kusina mi og frå veninner, og ein fin orkide frå svigerinna mi på Eid. Eg er veldig glad i blomster så no håper eg at desse for leve ei god stund. Tusen takk for alle som har hugsa meg i dag.

Blomster på spisebordet-




Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 31.mars

                  Klokka er no 21.Temperaturen ute er +8 graderC, og sjølv om vi no har sommartid på klokkene er det nokså mørkt ute no. I d...