Klokka er no 18.30,temperaturen ute er+8 grader, og i dag har vi ikkje sett sola, det har derimot regna ein del. Eg har ikkje vore ute og gått i dag, vi var på trening frå 9 til 10 og så handla vi på heimvegen , som vanleg.
I dag ville eg lage meg litt god mat til middag, og det blei Pasta Carbonada. Eg åt godt og då eg sette meg inn i stova etterpå sovna eg framfor tV-en. Ikkje så rar for eg var grytidleg opp i dag også. Så skulle eg begynne å gjere noko, eg skulle ha krem på ei kake-og då må ein ha fløte og det hadde ikkje eg tenkt på, men så vart det ein liten tur på butikken, godt å ha den nær.Så skulle eg rydde opp att på kjøkkenet, men var litt uheldig å søle flytande grønsåpe på golvet---men så fekk eg vaska godt då eg tørka opp.
Det gledeligaste som har hent no var at Helge elektriker kom og ringde på. Han hadde studert på korlreis han kunne få fiksa printeren min og han hadde lese seg opp på problemet- og du store all verda ;Printeren virkar.
I dag har eg ikkje gått tur og det blir vel ikkje tur i morgon heller. Eg driv og ryddar litt i heimen, sodan eg ventar folk i morgon. Men no er det snart tid for nyheiter, har ikkje hatt TV-en på så mykje i dag så det har kanskje hendt noko som eg ikkje har fått med meg. Det plar sjelden vere GODE nyheiter, dessverre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar