Dette bildet tok eg no akkurat , eg var ute og såg på temperaturmålaren som stod på MINUS 10, Helge gjekk forbi på vegen så eg fekk snakke eit par ord med han .
Klokka er no 20.23.
I dag då eg stod opp såg eg at det var kaldt og klårt ute, og så såg eg at ein nabo hadde fått ut flagget sitt. Så då fekk eg det travelt ei lita stund med å få flagget mitt på plass på altanen.
Eg skulle sette meg til å strikke og sjå TV, men der var berre slikt som eg hadde sett før. Så eg vart sittande med strikketøyet og halvsove. Marit hadde lova å kome ned , men det varte og rakk før ho kom. Det var litt miss-forståing ute og gjekk.
Men ho kom og vi fekk prata frå oss; vi er vande med å prate kvar dag - enten snakkar vi , eller vi skriv meldingar, Og vi har alltid noko å snakke om. Då Marit gjekk opp att begynte eg så smått å rydde ut jula, men eg vart ikkje ferdig i dag. Så ringde det på døra og der stod det 4 ungdommar som skulle besøke meg, det var Margrete sine 4 som var på veg til faren i Mosmarka. Dei gav seg til ei lita stund og då fekk eg prata min del. Dei spør om så ymse, så eg får snakke mykje og forteje frå "Gamle dagar" . Erlend blir no att her hos meg, Amanda bur hos Margrete for tida, Eirik skal heim til Trondheim og Ingeborg skal til Oslo. Eg synest denne julehelga har gått veldig fort.
Eg likar ikkje kulde, men det er ikkje eg som styrer ver og vind, og det må eg finne meg i. Viss eg få ut bilen i morgon må eg på butikken for no manglar eg litt av kvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar