Så går vi inn i det nye året med mykje lys og smell, som vanleg - men det er vanskeleg å få fine bilde,og eg har aldri brydd meg særleg om desse fyrverkeria.
Det som eg tenkjer mest på i kveld, er korleis det vil utvikle seg vidare i verda, det er eit skummelt år vi legg bak oss, og håpet i år blir vel at det året vi går inni akkurat no må bli betre enn det som var. No tenkjer eg ikkje på meg sjølv og mine, vi har vel hatt eit heilt greitt år om lag som før, men eg tenkjer på heile verda og alle land. Det er mange som har hatt det vondt og vanskeleg. Og sjølv om vi har vore langt unna krig og naud, har vi sett bilde og høyrt om det som skjer i land langt borte. Eg har eitt ønske for det nye året og det er FRED PÅ JORD.
Eg vil ønske alle som les bloggen min, eit godt nytt år og takke for året som er forbi. Kjekt at dokke les bloggen.
1 kommentar:
GODT NYTTÅR!
Legg inn en kommentar