Klokka er no 18.25,temperaturen ute er minus 4 grader, det kjem heile tida litt snø, men ikkje mykje (håper eg). I dag morgon var det mykje nysnø og eg såg at eg ikkje ville klare å moke sjølv. Og eg visste ikkje kva eg skulle gjere for eg måtte på butikk og kjøpe mat, elles ville eg kanskje svelte?
Men eg fekk no på meg klede og sette meg til å ete frokost, då kom Helge nabo og moka heile tunet på ei bitte lita stund. Og takk og pris for det
Så eg gjorde meg klar til å fare på butikken. I dag var det det som ein kallar blindeføre, det er når det er vanskeleg å sjå kva som er vegen og kva som er vegkanten eller grøfta. Men eg kom meg fint ned på butikken, fekk handla og var nesten heime. Eg køyrde ut Olavsgata og svinga opp i vegen som går hit. Det var berre det at eg svinga litt for tidleg, så eg vart sittande fast i ein haug med snø. Men der var to damer og ein mann som hjelpte til med å få meg på rett kjøl igjen. Ikkje det at dei gjorde så mykje, men dei sa kva eg måtte gjere. Eg hadde nok greidd det heilt sjølv, men kjekt å få assistanse .Det var berre å rygge litt så kunne eg køyre.
Resten av dagen har eg vore inne. Enten dokke trur det eller ei, eg har rydda ut heile jula.Og det var nokså mykje arbeid, meir enn ein skulle tru.Eg er plaga med ryggen så det går ikkje fort No er all pynten komen ned i kjellarbuda igjen, og der blir den liggande ei stund. At eg absolutt måtte gjere det i dag, kom av at det er fredag og vaskedag i morgon. Eg finn ikkje att voksduken som eg brukar å ha på kjøkkenbordet, men den dukkar vel opp. Enn så lenge har eg ein annan duk som passar fint - den også.
Håper alle barnebarna har kome sg trygt heim, det er så mykje skummel som skjer i desse tider, synest eg. Ser der på TV.
Elles ser eg TV og strikkar i det nye året også. Og i går skreiv eg litt i den nye dagboka mi, den eg fekk av Rasmus til jul.
Håper alle har det bra i det nye året og så vil eg gratulere Audun og Elisabet som forlova seg nyttårs-aftan
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar