fredag, januar 31, 2025

Dagbok 2025: 31.januar


 Klokka er no 18.25, temperaturen ute er minus 2 grader C, det har vore opplett og ein del sol i dag, men eg har ikkje vore ute og gått.  Eg har vore litt lat i dag , for eg sov dårleg og lite sist natt. No når eg sat og strikka framfor TV-en sovna eg. Men no er eg nokonlunde vaken. Eg skulle eigentleg opp til Marit i kveld og sjå TV i lag med henne, men eg har meldt avbod.

Eg har sjølvsagt vaska etc. som vanleg på ein fredag, men eg har ikkje gått på Vernet. I staden tok eg og gjorde ferdig Sudokuen i fredagsavisa. Eg vart ikkje ferdig i går kveld, men i dag greidde eg den fint. Elles har eg gjort ferdig første paret med lestar frå Margrete sitt garn. Og lagt opp på nytt.

Eg syntest det var litt for lite varmt i huset så eg gjekk ned og saga meg ved av diverse plankar et. som ligg i tilbygget-då ryddar eg på samme tid. Omnen står på skeive på bildet, men ikkje i røyndommen. Når eg går nedom huset ser eg kor løkblomstrane spirer i beddet, dei trur kanskje at det er vår.

For morgondagen har eg ingen plan, anna enn at eg skal på butikken og handle litt mat.

Ønsker alle ei god helg, i morgon startar vi på februar så då går det fort mot vår.

Maken til det veret vi har hatt i januar trur eg aldri at eg har opplevd før.


torsdag, januar 30, 2025

Dagbok 2025:30.januar

Klokka er no 17.54, temperaturen ute er +3 grader og det er overskya-ikkje så fint som i går altså-.

Eg måtte fare åleine på trening i dag, for Marit var ikkje heilt bra. Det er litt stussleg å fare åleine nesten alltid, så eg håper Marit blir betre etter kvart. Då eg kom heim fall eg for freistinga å gå på Vernet. Veret var ikkje så fint som i går, men vi har plussgrader og berre vegar så det er fint å vere ute. I dag trefte eg ei som er der ofte, ein tidlegare kollega er ho også. Og så trefte eg ei anna dame på min alder som no er ivrig opptatt  med demenskoret. Ho er ikkje dement sjølv, men ho har sunge i kor så lenge eg kan hugse.Eg har tenkt på det at om eg blir dement så kan eg ikkje synge-.

Eg tok meg litt mat då eg kom heim, men var frostig og veldig trøtt, så eg tok  ein pause først på stova så på datarommet. Der blir det fort varmt med elektrisk omn.

Etter kvart vakna eg til og då hadde eg ut teppet på datarommet og vaska golvet m.m. Då blir det litt mindre å gjere i morgon.

Som de ser lever eg ikkje spennande og farleg for tida, og det kan vere bra. Men litt spenning hadde gjort seg. Og det kan det no bli.

                                                         Ein stille dag.

 

onsdag, januar 29, 2025

Dagbok 2025: 29.januar


 Klokka er no16.35 Og sola har gått ned. Vi har hatt ein fin dag med sol frå klår himmel. Men no har sola gått ned for i dag. Håper ho kjem att i morgon.

I dag var det spansk -undervisning på Ørstahallen klokka 11.Eeg hadde tenkt å gå, kanskje ein siste gong, For eg er skuffa over at eg ikkje er blitt særleg mykje flinkare i det spanske språket. Men eg ville no fare ned og vere i lag før eg bestemte meg.

Då eg kom ned gjekk eg opp i 2.etasje for det visste eg at rommet som vi brukarer der, men der var mange dører -

-og ingen menneske var å sjå; så eg gjekk der og rusla ei stund før det kom 2 til av samme gjengen og så leita vi oss fram til det rette rommet. I dag hadde vi fått ein ny elev, ei dame som eg har blitt kjent med på Vernet- og som er minst like gammal som eg, Men ho kan litt spansk på førehand forstod eg. Etter kvart forstod eg også at dei fleste andre hadde like store problem som eg. Så då ombestemte eg meg til å halde fram. Om ein ikkje lærer så mykje  er det kjekt å ha noko å gå til-og så vankar det litt kaffi og kaker i tillegg.

Då eg kom heim tok eg meg litt mat, før eg gjekk på Vernet. I dag kunne eg ikkje la vere for sola skein. Der var nokså mykje folk ute o gjekk i sola og eg møtte eit par damer som eg kjenner.

Meir har eg ikkje gjort i dag. I morgon er det trening, og viss det blir like fint då, skal eg gå tur på Vernet då også. Det er så overkomeleg.Eg håper vi får ha sola nokre dagar, for ho varmar litt inne i huset.

No skal eg ha på TV-en og få inn alt det grusomme som hender i verda. Det er utrygt nesten over alt no.Så får eg strikke litt så det blir fleire varme lestar.


tirsdag, januar 28, 2025

Dagbok 2025: 28.januar

                                             Utsikt mot Mosmarka klokka 16.35 i dag
 

Klokka er no 16.50, temperaturen ute på trappa er 0 grader og det er nesten klårt ute, det har det ikkje vore før i dag, men det har ikkje regna heller, trur eg. Eg kan aldri hugse at vi har hatt så skiftande ver i januar nokon gong før. 

I dag var vi på trening igjen,Marit og eg, og vi handla på heimvegen som vanleg.

I dag har eg vore uvanleg trøtt heile tida, så det har ikkje blitt gjort mykje. Eg prøvde å jobbe litt med spansken, men eg er ikkje sikker på om eg vil halde fram med studiet. Eg synest det går tregt, og det er vel ikkje så rart-eg blir snart 85 år så det er kanskje best å legge studiane på hylla. Men eg synest det har vor kjekt, og litt har eg no lært.

I postkassa mi var det fullt i dag, for eg hadde ikkje tatt inn fredagsavisa, så der var to Møre-Nytt i tillegg til "Pensjonisten". Litt å gå igjennom der også.

Eg er veldig trøtt i dag, utan at eg veit kvifor. Eg skulle kanskje ha gått ein tur ute i frisk luft, men så var det alt eg skulle gjere inne, med aviser,

strikketøy, fyring m.m. 

Men eg er eigentleg frisk og rask-berre litt trøtt.



                         Utsikt frå altanen mot fjorden ca kl16.45

mandag, januar 27, 2025

Dagbok 2025: 27.januar


Klokka er no 17.37, temperaturen ute er +4 graderC, og eg trur det har vore  opphaldsver i dag, men eg har ikkje følgt så nøye med. I dag ville eg gå på Vernet for kneet mitt var heilt fint, det var opphaldsver, men ikkje sol. På bildet er det utsyn mot muren, Moskmarka og fjella framme i Krøvelen(Trur eg det heiter)-

Eg møtte ikkje mange i dag, men då eg var komen til trappa møtte eg ein av dei aller eldste i Starevegen, han hadde ikkje fått sykla i dag for  det var is på vegen.

Eg er så å seie lens for ved, men eg har litt diverse brennbart i tilbygget så eg fekk kveik i omnen og fekk opp temperaturen så får pumpa gjere resten.

I går laga eg middag og av potetene som vart att laga eg potetstappe, som eg hadde i dag attåt pølser, så eg et no middag av og til eg også.Elles har det ikkje vore mykje eg har gjort, eg har øvd på spanskleksa og strikka. Når eg strikkar har eg på TV-en og høyrer om att og om att dei samme nyheitene. Der bør eg slutte med. Skulle sikkert ha slutta med spansken også, for eg lærer ikkje så lett lenger og eg har ikkje bruk for å kunne spansk. Viss eg reiser til Spania så snakkar dei engelsk der.

I morgon er det trening, det er godt å ha noko å gå til, såpass ein kjem seg ut i lag med folk. No kom eg på at det er mandag i dag, så då får eg ein sudoku og bryne meg på.

Utsikt mot fjorden i dag

                                          Starevegen nesten snøfri.

søndag, januar 26, 2025

Dagbok 2025: 26.januar

.Klokka er no 15.43 og temperaturen ute +3 grader. Deter overskya, skodde og regn, så det er fint innever.

Eg stod opp til normal tid i dag, og etter frokost jobba eg litt med spanskleksa.Det er noko vi skal lære utanåt. Å lære utanboks var enkelt for meg i heile barndommen og ungdommen. Slik er det ikkje lenger. Eg greier det sjølvsagt, men eg treng mykje trening.Særleg når det er spansk!

Eg begynte å strikke på ein lest i går kveld og heldt fram i dag. Eg kan ikkje sjå tV utan å strikke-må "ha noko på hendene".Margrete kom med lestegarn til meg i går, så no har eg arbeid lenge.Trur eg.

Då det ikkje var meir eg ville sjå på NRK-TV sette eg på You tube  musikk. Dei brukar å lage fine "konsertar" til meg, men i dag overgjekk dei seg sjølve, så mykje fin musikk som eg likte! Det aller finaste var "Island in the sun"med ein som eg ikkje har sett før.

 Det er kanskje KI som lagar listene? Kva veit eg,

Til middag i dag hadde eg favoritten min, spekesild ! Ingen ting er betre enn det.Det er slett ikkje kvar dag eg lagar middagsmat, så då smakar det enda betre. Eg blir sjølvsagt tørst og må drikke mykje resten av dagen, men eg har no slikt å gjere. I dag er eg ikkje låk i kneet, så det hjelpte kanskje at eg var meir i ro nokre dagar, men eg kan no ikkje sitte i ro alle dagar. I dag frista det ikkje så mykje å gå ut. Det er eit rart januar-ver i år, det er no då vi brukar å ha vinter

No skal eg koke meg ein kaffikopp., kanskje det er bra for tørsten? Og så blir det meir TV og strikk.

 

lørdag, januar 25, 2025

Dagbok 2025: 25.januar


                  Dette er ikkje eit gammalt bllde, eg tok det nettopp no.


 Klokka er no 18.05,temperaturen ute er + 3 grader, det regnar og det er bekmørkt ute, ikkje akkurat slikt ver som vi brukar å ha i januar. Og det er ikkje same veret to dagar i strekk, det skiftar heile tida. Men slik er det og vi kan ikkje gjere noko med det.

Slike dagar er det godt å vere inne, og det har eg vore, tok berre ein liten tur på butikken på føremiddagen.

Eg fekk melding frå Margrete og Amanda om at dei ville komme ein tur, og det blei eg glad for. Og som vanleg var det noko dei måtte hjelpe meg med. Telefonen min var gått på ville vegar, men Amanda fekk reparet og oppdatert den, så no kan eg i alle fall vippse.

Eg hadde diverse kaker att frå jul som vi hadde til kaffien, og så hadde vi mykje å snakke om.

Margrete hadde med seg garn , så no skal eg strikke enda fleire lestepar. Eg likar å strikke lestar av tynt garn, og mange likar å ha slike som dei kan når dei går i sko.No har eg i alle fall arbeid til påske, og kanskje enda lenger.

Eg  har ikkje gått på Fonnvernet på mange dagar, eg var redd for å få trøbbel med eit kne, det har eg hatt før  og eg vil helst sleppe fleire gongar. Eg har litt problem med å halde styr på dagane. I dag har det liksom vor søndag-enda eg har vore på butikk, men no skal eg snart sette på TV-en og bli oppdatert. Det er liksom ikkje så kjekt å høyre nyheiter for tida.

Men håper at alle som er innom bloggen har ei bra eller heilt GOD helg

fredag, januar 24, 2025

Dagbok 2025: 24.januar

I dag kom det ekte sol inn på stova, eg trur det var første gongen i år, men eg har no ikkje vore heime heile tida.. Eg brukar å seie at vi får att sola den18.januar, men det kan hende den er her litt før, ein er no ikkje heime  støtt.

Eg har ikkje vore ute  i dag, men no står det på skjermen at det er +4 grader og lett regn/snø. Eg har ikkje vore lenger enn ut på trappa.


I dag morgon stod eg opp då eg vakna og gjekk ut på kjøkkenet og laga frokost, då først såg eg på klokka-den var 4-. eg åt ferdig og gjekk og la meg igjen og sov til det var vanleg tid til å stå opp.

I dag skulle eg ikke ut på noko, så det vart fredagsvask i heimen. Tok litt ekstra her og der, må vel snart til med nedvask også  men ikkje i dag.

Etter vaskinga fann eg på å prøve å få bort lo-dottane frå den blå kofta mi. Eg har ei slik lita maskin som eg kan bruke-Solveig kjøpte den til meg på Klas Olson. Eg har prøvd den før utan særleg hell, men i dag gav eg ikkje opp så lett, så no er kofta brukbar igjen. Det var den eg brukte då eg gjekk med gips på handa og sidan har den stort sett lege i ro. I dag var eg trottig og tok både på retta og vranga, måtte tømme fleire gonger og til slutt måtte eg ha nye batteri. Men eg eg glad for at eg gjorde det, for no har eg ei varm og god kofte å ha på meg.

På ettermiddagen sette eg meg til å strikke, men då kjende eg at eg var trøtt-så no har eg kokt meg kaffi- og så blir det TV og strikketøy heilt til eg skal opp til Marit og vi skal sjå TV i lag ei stund.

Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god og fin helg. Håper det blir råd å vere ute.



 

torsdag, januar 23, 2025

Dagbok 2025: 23.januar


 "Så går en dag enn från vår tid och kommer icke mer........"- og slik er det, eg finn dessverre ikkje heile diktet på Google.

I dag fekk eg telefon frå kusina mi, som fortalde at bror hennar var død. Eg har visst at han var sjuk så det kom ikkje så uventa. Desse to søskenbarna var vi mykje i lag med i barndommen for då budde vi alle på Eid. Seinare flytta deira familie til Sørumsand, men vi var i lag om somrane når dei kom til Eid og besøkte bestemor og bestefar, så lenge dei levde. Eg var akkurat komen heim då eg fekk telefonen i dag.

I dag var det trening, og vi var der både Marit og eg. På heimvegen var eg innom Eli og fekk spanskboka mi som eg la att i går. Etterpå handla vi på KIWI før vi for heim kvar til seg. Med det samme eg let opp døra til "kontoret" mitt, kjende eg at der var det varmt. For ein gongs skuld hadde eg gløymt å slå av omnen, det bør ikkje skje oftare. Men eg bestemte meg for å utnytte varmen, så eg begynte rett og slett å jobbe med spanskleksa til neste veke, rettare sagt:komande veke. Og eg fekk gjort mykje. Etter at eg hadde fått litt mat tok eg fram den store støvsugaren, og no skal eg seie at den var effektiv. For eg har endeleg greitt å skifte pose heilt sjølv, så den var ny og tom. Eg syntest teppegolvet var skikkeleg fint då eg var ferdig, men det er vel berre eg som synest. Teppet er over 30 år gammalt, men eg plar rense det annakvart år.

Eg blir låk i ryggen så snart eg gjer noko, så eg sette meg i godstolen og sette på TV. Og der blei eg sittande. Eg hadde fyrt opp litt i omnen og hadde sjølvsagt varmepumpa på.

Det var eit underleg ver i dag før middag, det var skodde heilt frå himmelen og ned på jorda, ei kvit skodde, men då eg sat på "kontoret"skein sola gjennom skodda og inn-

I morgon er det fredag og vaskedag-så då får eg shine opp litt meir. Det er ein ting eg ikkje forstår og det er at alle potteplantane mine dør, enda eg synest eg steller godt med dei. Vinduskarmane er fulle av tomme blomsterpotter, men dei eg fekk til jul med Solveig, dei lever enno.


 

onsdag, januar 22, 2025

Dagbok 2025: 22.januar


Klokka er no 20.08. temperatuen ute er+1 grad og det er så å seie overskya.

Dette har ikkje vore verdens kjekkaste dag, men det har ikkje hendt noko skikkeleg gale heller, berre småting som ein irriterer seg over. Men det blir snart gløymt.

I dag skulle eg på Spanskkurs, men eg trong ikkje stå  tidleg opp for vi begynner ikkje før klokka 11. Eg køyrde no nedover i god tid, men då eg vel hadde parkert, såg eg ned i nettet mitt-og der var ikkje boka som eg skulle bruke. Full fart heim att og hente boka, og eg kom fram i god tid. Men då eg kom heim att hadde eg ikkje boka med, den låg att på "klasserommet", men Eli tek vare på den, så hentar eg den i morgon. Eg får ikkje gjort leksa til neste gong utan bok. Då eg kom heim att sette eg meg til å reinskrive det vi hadde jobba med i dag.Så då jobba eg godt ei stund. 

Elles har eg vaska klede og tørka i trommelen, så er det gjort. Og så er det TV-i går sat eg 2,5 timar og såg på TRUMP- han er no heilt gal! Han var ikkje betre i dag heller. Eg er så sjokka over han at eg har ikkje ord for det. Og det er ikkje berre Amerika han kan øydelegge for-no trur han visst at han eig heile kloden.

 Einar som jobbar i NRK for tida,fekk eg ikkje sjå, men eg fekk høyre han og det var kjekt. Dei skrytte av han då han jobba i radioen i Ålesund. Då var der eldre folk som var så fornøgde fordi han snakka så klårt og tydeleg.

At eg ikkje har gått tur i dag kjem ikkje av latskap, men eg har litt vondt i det høgre kneet, så eg vil vere forsiktig. Har ikkje lyst å ha att kneplagene som eg hadde i 2018-19 og enda lenger.

I morgon er det trening igjen, men så er eg fri resten av veka.

Eg har snart ikkje ved igjen, og han som brukar å halde meg med vinterved driv  ikkje med slikt lenger. Men eg får vel tak i ved ein eller annan stad. Det er ikkje så mykje eg treng, for når eg først har fått opp temperaturen greier varmepumpa resten. Og no har vi sol viss det klårnar opp og blir kaldt. Den einaste månaden i året som er lang-det er januar. Og den er ikkje slutt enno.



 

tirsdag, januar 21, 2025

Dagbok 2025: 21.januar


 Klokka er no 20.33, ute er det overskya og +3 grader. Det er heilt mørkt så det er ikkje så mykje å sjå .

I dag var vi på tening og Marit var med. Etterpå handla vi på KIWI. Det var kjekt å vere to, så eg håpenr vi kan halde fram med det.

Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet med det same eg hadde kleda på meg. Eg går med stav no, kvar dag og det gjer eg for å halde ryggen oppe, mellom anna. Eg går stødigare med stav i ulent terreng, så i dag gjekk eg opp mot skogen for å ta bilde av Vernet på avstand.Eg hadde ikkje gått der utan stav.

               Det var litt regn og skodde i dag så bilda vart ikkje så klåre.

Då eg kom heim tolk eg meg litt mat, og så måtte eg løyse sudokuen i avisa,. Det tok litt tid i dag,ikkje alle dagar eg er like klår i toppen. Men eg kom i mål. Elles har eg sett TV og strikka, men også sett litt på spansk-leksa til i morgon.

Då eg sat og såg TV merka eg brått at bildet som brukar å henge på veggen over TV-en var borte. Det er ein akvarell av Ingeborg Lystad. Eg såg bak TV-bordet og der stod bildet fint attmed veggen, heilt uskada. Det var opphenget som hadde svikta, så eg må lage eit nytt.

Eg har sete lenge og sett TV og strikka, eg likar ikkje heilt alt som skjer i USA. Eg er redd for at TRUP og MUSK finn på noko dumt og farleg.

I morgon er det altså Spansk igjen, eg får prøve å henge med ei lita stund til-kanskje? Elles skjer det ikkje så mykje her hos meg -og det er kanskje like godt


mandag, januar 20, 2025

Dagbok 2025: 20.januar


 Klokka er no 21.27 og temperaturen ute er      grader C.

Eg er litt surrete oppi hovudet mitt i kveld, for eg har sete og sett direkte frå Amerika i 2 og ein halv time ca. Men eg angrar eigentleg ikkje, for det er heilt utruleg kva Trump kan servere amerikanerane og dei tek alt for god fisk ser det ut som. No måtte eg berre gå i frå heile greia, men eg såg og høyrde heile talen til Trump.

I dag var det "heimedag", så eg skulle no helst ha gjort noko her heime, men det var finver og sola kom fram, så det var berre å kle på seg og ta staven i handa og gå runden min. Det var fint på Vernet i dag, men eg såg ikkje heile sola mens eg var der.

Eg hadde lova Marit å køyre henne til frisør, men det var ikkje før seinare, så eg fekk tid til å strikke litt og ete litt.

Då vi kom til frisøren, var der lite folk så Marit slapp til med det samme. Eg fann meg eit tjukt julenummer av eit sånt kjendis-blad(Hugsar ikkje kva det heiter)så eg valde å vente i staden for å fare heim og ned att. Der er så stort rommet på salongen at det er ikkje  noko problem å vente der. Det er den samme salongen som eg brukar.

Sola er enno halvvegs gøymt bak Melshornet, men vi ser no litt av den-

Det var ganske mange som var på Vernet i dag også.

                 I morgon er det trening og då kan kanskje Marit vere med.



søndag, januar 19, 2025

Dagbok:19 januar2025


 Klokka er no 18. 55 , Temperaturen ute har gått ned til+1 grad, men vi har hatt ein nydeleg dag , med sol i høgda og fint vårleg ver. Så no reknar eg med at det blir kaldare etter kvart, for det er januar.

Eg hadde ikkje program for dagen, så eg somla ei god stund før eg fekk på meg klede og gjekk tur. Eg kom heilt ut til krysset der gangvegen frå Olavsgata kjem opp. Då kom der ei dame som eg kjende, og ho var på veg opp og skulle besøke meg. Ho er veninne med Anne Ellingsen, og hadde vore der på overnatting. Ho er systra til Bodil, svigerinna mi.

I staden for å gå heim til meg, gjekk vi runden på Fonnvernet. Eg trur ho likte det, for ho vart imponert over byggverket. Vi kunne no like godt prate der som heime og det gjorde vi. Ho vart ikkje med meg heim etterpå, for ho hadde plan for resten av dagen.

Eg hadde ingen plan men har strikka og sett TV, som vanleg. Eg har ikkje fått orden på vipps-kontoen min, for eg torer ikkje å begynne å "FIKSE",  eg har dårlege minner om slike greier. Eg må ha hjelp og det får eg sikkert.

I dag skulle eg leite etter hanskane mine på Vernet, men då eg etter gammal vane stakk handa bort der som dei plar ligge, stod eg brått med hanskane i handa. Eg hadde altså ikkje hatt dei med meg i går.

lørdag, januar 18, 2025

Dagbok 2025: 19.januar

Akkurat no.

Klokka er no17.03,temperaturen ute er + 8 graderC, og det har vore ein fin dag.
 Eg var relativt tidleg oppe, men sat lenge og styrte med ting på PC-en, før eg kledde skikkeleg på meg og køyrde ned på KIWI og handla .

Etterpå gjekk eg tur på Vernet og der var det fint i dag, eg fekk ikkje sett sola før eg var komen heilt rundt. Mesteparten av tida var ho bak Melshornet. Snøen var nesten heilt borte i dag-ikkje berre her nede , men også i fjella. Ikkje rart at elvane blir store. Eg trefte naboane der oppe i dag , men ingen andre eg kjende.

 Eg lurte på om eg hadde mist hanskane mine der, om eg hadde hatt dei på meg då eg gjekk heimanfrå, men eg veit enno ikkje, eg gjekk litt tilbake til ein benk eg hadde sete på men der var dei ikkje i alle fall, og eg finn dei ikkje her heime. Det var ikkje dei nye fine hanskane som eg fekk til jul, desse var fleire år gamle og ikkje så dyre, men det er no litt irriterande å ikkje greie å halde styr på ting.

Då eg kom heim var eg svolten så eg fann meg litt brødmat, så var det på med TV en- som eg vart sittande å sjå på i halvsøvne.No blir eg vel vaken resten av kvelden. I dag tenkjer eg litt ekstra på Håkon som fyller 31 år i dag. Eg hugsar så godt då han vart fødd i OL-året-og derfor fekk kongenamnet Håkon.

      Her såg eg sola i dagca ca kl 14, Elva er Vikelva, og eg var på Fonnvernet.

fredag, januar 17, 2025


 Klokka er no 17.13.men det vart brått veldig mørkt ute, så det var bra at eg hadde tatt bilde før. Alle bilda i dag har eg tatt frå altanen. Eg må liksom bevise at det er full vår her no i januar.-Så lenge det varer.

I dag er det fredag og då tar eg fredagsvask, og i dag rydda eg opp og spylte litt på altanen for å få vekk fuglematen som eg har servert i vinter, Her har lagt store mengder med snø i heile vinter, og no er all snøen på altanen borte vekk, så det var kjekt å få shine opp litt.

Det var + 8 grader sist eg såg etter, og det er ikkje meg imot å få mildver no i januar, blir det kald vinter heretter så har vi sol.

Etter at eg hadde vaska og rydda opp åt eg lunsj, og så tok eg tak i sudokuen frå fredagsavisa og etter ei litt plundrete  jobbing, var sudokuen i mål, så slepp eg å tenkje å den resten av helga.

Eg har sete ei stund og strikka mens eg har sett TV, det er nyheiter nesten heile tida. Eg prøver å ikkje ta alt innover meg, men det er fælt å høyre om alt det forferdelige som skjer. Tenker også på alle pengane som går med til krig og øydelegging. Tenk på alt godt ein kunne fått i stand med så mykje pengar.

I kveld skal eg opp til Marit og sjå TV på TV2, og sjå og høyre på dei som skal synge. Eg har ikkje så mykje greie på det, men  det er OK. 





Så mykje snø ligg det att på marka, den forsvant veldig fort, men så var det også høg temperatur nokre dagar.Og fjella som stod så kvite og fine, er ikkje kvite lenger. Men vi får sikkert ein porsjon til med skikkelig vinter, men då får vi sol også.

Det er fredagskveld,så eg vil ønske alle  ei god helg.Viss eg ikkje tek feil fyller Håkon 31 år i morgon .

torsdag, januar 16, 2025

Dagbok 2025 : 16.januar

Klokka er no17.05 og det er bekmørkt ute. Temperaturen på trappa er +8 grader og det regnar.Ikkje heilt typisk for årstida, Eg synest det var kjekt å sjå att singelen på tunet i staden for snø og is.

Denne veka har eg fått merke at det ikkje er ferie lenger. Eg har stått opp tidleg  og vore relativt aktiv. Eg treng sjølvsagt ikkje å stå opp så veldig tidleg, det berre blir slik.

I dag var det trening igjen,og Marit hadde så smått tenkt å vere med, men så kunne ho ikkje like vel. Det var veldig fint i dag på den måten at det var mindre snø og is, og det var lyst. Eg var på trening og så handla eg litt på heimvegen. 

I dag ville eg gå tur når eg likevel var påkledd for å vere ute. Eg lurte på om det gjekk and å gå på Vernet i dag. Eg trefte ein som eg kjenner og han påstod at der var bert. Så eg labba no opp.
 

Dette var synet som møtte meg då eg kom opp, men det var ikkje slik rundt heile vegen. Men at snøen smeltar det er eg ikkje i tvil om, for elva var stor og fjella som var så kvite og fine, var ikkje slik lenger.

Eg kom meg no rundt heile vegen utan å skade meg, men eg var ikkje så sprek i dag. Det er den ryggen!


             Utsikt over byen i dag. Sjå på Melshornet kor lite snø som er att.

Då eg kom heim laga eg litt mat og så sette eg meg til å sjå TV; eg kan sitte i timesvis og sjå nyheiter mens eg strikkar. Men det er mykje skummelt i verda.

Eg var ut på altanen og såg ned i hagen , der var det grønt og fint, sjølv om det er langt til vår.



                                                        Det liknar litt på VÅR
I morgon skal eg ikkje ut på noko, då skal eg vaske og rydde i huset.

onsdag, januar 15, 2025

Dagbok 2025: 15.januar


Mørkt og vått.

Klokka er no 19.46, temperaturen ute er +6 grader og det regnar; det har det visst gjort i heile dag. Men eg har hatt ein kjekk dag uansett.

Eg var i tvil om eg skulle starte opp att med spansken, men bestemte meg for å prøve. Dei siste åra har vi vore på Bakk-Ola og, der sat vi litt trangt, men no hadde Eli greidd å få oss rom på Ørstahallen. Der hadde eg vore berre ein gong før og den gongen berre så vidt inn for døra.Men Einar har snakka om denne flotte hallen- 

Då eg kom i dag møtte eg ei som vaska der og sa kva eg skulle. Ho vart med meg opp alle trappene og inn på rommet som vi skulle ha. Det var stort og lyst og hadde ein stor TV-skjerm på veggen . Der var stolar og bord, for rommet vart brukt til klasserom for dei eldste elevane før den nye Velle skule vart tatt i bruk. Eg vil seie at eg likte mykje betre denne "skulen" . Eg var med dei første som kom og etter kvart kom dei som eg har vore i lag med før pluss nokre heilt nye. Ergo får vi begynne på begynnelsen igjen, og det passar meg bra, for då heng eg no med ei stund i alle fall. Vi som har vore med på dette nokre år kjenner kvarandre godt og eg trur det blir kjekt å vere der vi skal vere no.

Etter "Spansken" køyrde eg bort til Alti , parkerte bilen og gjekk opp i gata.Der fann eg den nye kaféen og Ragnhild som venta på meg. Vi måtte vente litt for å få sitteplass, der var mykje folk, mange småbarnsmødre til dømes. Dei som driv kafeen har hatt kafe i Ørsta før, men så vart dei huslause. Og no har dei starta opp att-og så skal det bli liv i gågata igjen.

Det silregna framleis då vi kom ut, men eg fann no att bilen så eg kom meg heim.

Då eg vel var heime begynte eg å kjenne på at eg hadde rusk i høgre auget, og eg leita fram ei tube som eg hadde hatt medisin på før, men den var tom. 

Så måtte eg bruke fantasien, så eg skrella og skar opp ein stor løk. Tenkte at då skulle tårene renne. Men det hjelpte ikkje, så steikte eg løken, det hjelpte heller ikkje. Eg gav meg på det, men viss det ikkje er bra i morgon, blir det tur på apoteket. Til middag steikte eg pølser, og så hadde eg løk + ei brødskive.

Eg har sete og strikka og sett TV, eg følgjer mykje med på nyheitene no, eg synest det er litt skummelt i verda. Og eg har ikkje tru på Trump.

I morgon er det trening, på denne tida av året er det godt å ha noko å gå til.

No harr telefonen lagt på ladding sidan eg kom heim, så no er det kanskje råd å ta eit bilde.

Der kom ei melding på telefonen min om at kortet mitt snart var utøløpt (eller noko slikt) Eg veit ikkje kva det betyr eller kva eg skal gjere og eg veit ikkje om noko kort.

tirsdag, januar 14, 2025

Dagbok 2025: 14.januar

 



Klokka er no 19.50, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. 

Dette har vore ein litt kjedelig dag. Det begynte med at eg vakna klokka 5  og fekk ikkje til å sove meir. Enda det var lenge til eg skulle på trening klokka 10. Men det gjekk for så vidt greit. Eg køyrde rett heim etter trening utan å gå på butikk. Det skulle eg kanskje ha gjort, men eg hadde no mat nok heime.

Eg plar ofte gå tur rett etter treninga før eg byter klede. Men ikkje i dag.Eg tok meg litt mat og fyrte i omnen for å få opp temperaturen, så greier varmepumpa resten. Og så er det på med TV-en og fram med strikketøyet. Eg høyrer dagsnytt ørten gonger.

Det eg har kava litt med i dag, det er å finne fram spanskbøkene mine, for eg har tenkt å møte opp i morgon, så får eg sjå kva eg gjer vidare. Eg ser fram til at eg skal på kafé med Ragnhild etterpå. Vi er ein liten flokk med attegløymer frå Velle skule som møtest litt av og til. No er ei av dei på trening på gruppa mi, så då ser eg henne ofte. Og det er kjekt, for mange av dei eg jobba i lag med er ikkje i tida lenger.

Eg har telefonen min liggande her på oppladding.. Der er aldri straum på den når eg skal ha den. Eg lurer på om den er heilt i orden, men den er no ikkje så veldig gammal, og dyr var den også. No er det slik al alle MÅ ha telefon, og det er telefonnummeret som er identitets - beviset vårt. Ja, no er det kome 8 prosent opplading så det går ikke fort.

Eg saknar veldig å gå tur på Vernet og andre stader, men i dette veret er det ikkje kjekt.

Eg har tusen nyttige ting eg kunne gjort her i huset, men eg har ikkje arbeidslyst når det er så trasig ver.

Snart kjem sola og då blir alt betre.I dag er det berre syting.

mandag, januar 13, 2025

Dagbok 2025: 13.januar


 Klokka er no 20.00, temperaturen på trappa er+ 6 grader C, og det har regna meir og mindre non stop i heile dag. Eg har ikkje vore lenger enn til døropninga.

Eg kunne sikkert ha gjort mykje nyttig inne i dag, men eg vart sittande å strikke og sjå TV, det meste av dagen. Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje brukar tida betre, men eg skal prøve å ta meg saman etter kvart. I morgon skal eg på trening, onsdag skal eg på spansk-kurs og torsdag er det trening igjen. Så dei tre dagane kjem eg meg ut om ikkje anna. Etter spansk-kurset onsdag skal eg møte ei venninne på kafé og det gler eg meg til.

Eg er litt spent på korleis det blir å køyre i morgon, om vegane er nokonlunde snøfri etc.Som de ser på bldet er det nesten bert på gata , men store snøhaugar rundt omkring der som har vore moka, det tek nok ei stund før snøen blir borte, og kanskje kjem det ny snø opp på den gamle, Det veit eg ikkje noko om, men det er veit er at vi kanskje får sjå sola att rundt den 18.januar. Og det er ikkje lenge til.

Det var kjekt å få meir garn så no kan eg gjere noko som er litt nyttig mens eg ser tv, Det blir til at TV-en blir ståande på, så eg ser nyheits-sendingane om att og om att, men i dag har det vore meir om ver og mindre om krig, så det var no godt.

                                      Det er mykje som må smelte

søndag, januar 12, 2025

Dagbok 2025: 12.januar

 

Klokka er no 18.15, temperaturen ute er + 1grad, og så vidt eg veit har det vore opplett i dag.

Solveig hadde sagt at ho og Øystein kom innom i 4-tida. Og det såg eg fram til. Eg rekna med at Solveig hadde med litt av garnlageret sitt, slik at eg fekk strikke meir lestar. Ho har no to barnebarn no, så eg kan no strikke til dei.

Eg har gjort fint lite i dag, laga ikkje til anna enn litt vaflar  til dei kom. Eg var litt nedstemt i går, på grunn av sudokuen som eg ikkje fekk løyst. Eg hadde ikkje tenkt å bry meg meir med den, men freistinga vart for stor -og sudokuen kom i boks på ganske kort tid i dag. Det hjelpte på humøret mitt. Men det kjem vel til å dale når eg set på TV-en og får høyre kva Trump og dei andre tenkjer å gjere . Dei kan ikkje vere heilt heile i hovudet. Tenk kor godt ein kunne hatt det om det vart slutt på alle krigar -og uvennskap mellom nasjonane. Men vi er kanskje blitt for mange som skal dele godene. Ikkje veit eg-og ikkje kan eg gjere noko frå eller til.

I morgon har eg heimedag, men så blir det både spansk og trening ut i veka. Men det er godt å ha noko å gå til. Særleg denne tida på året då det ikkje er så mykje å ta seg til ute.

No skal eg sette på TV-en og ta fram strikkepinnane. Solveig har bestilt SMÅ lestar  denne gongen. Ho er no bestemor til 2.

lørdag, januar 11, 2025

Dagbok 2025:11.januar


 Klokka er no 20.08.Temperatuen ute er minus 1grad C.

I dag er eg litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje nytta tida til å kome meg ut og gå, eller gjere noko anna fornuftig.I staden for å sitte og bale med ein SUDOKU, som eg ikkje fekk fullført i dag heller. I Møre.Nytt er det sudokuar kvar gong, ein lett i tysdagsavisa og ein litt vanskleg i fredagsavisa. Eg har løyst nesten alle i fleire år.

Men i det siste har eg måtta gi meg på eit par, og då er eg heilt knust, fordi eg ikkje greier alt lenger. Eg er blitt gammal og ikkje så klar i toppen som før OSB.

"Det er no slikt ein må vere budd på og det er no ikkje så farleg", seier eg til meg sjølv-men eg høyrer ikkje etter. Mest irritert blir eg fordi eg ikkje berre kan legge frå meg, og bruke tida på noko anna. Nok om det, eg har ikkje gitt heilt opp enno.

Eg hadde ikkje planar for dagen i dag, så det vart ikkje  gjort noko av betydning. 

Eg har ikkje strikketøy heller, eg hadde så smått tenkt meg til VIK men heller ikkje det vart det noko av.

Eg har sete framfor PC-en og øvd på spansk der, det har no litt for seg i og med at spansk kurset startar oppatt på onsdag i denne veka. Eg har ikkje meldt meg av , så eg kjem no til å prøve litt til. Vi skal få vere på eit ledig klasserom på Ørstahallen. Vi startar opp på onsdag. Og etterpå har eg avtale med ei venninne om å gå på kafé. Det ser eg fram til. Elles blir det vel trening tysdag og torsdag som vanleg. Det er blitt mykje mildare ute no, så det spørs koleis det blir med ver og føreforhold.

I kveld har eg vore oppe hos Marit og sett TV der og i morgon kjem Solveig og Øystein innom når dei køyrer til Volda.

I dag  laga eg tomatsuppe med hardkokte egg til middag, og det var godt. Og så var eg altså oppe hos Marit og vi såg eit TV-prgram i lag. Eg har ikkje sett nyheiter i dag, men det er vel enno ikkje for seint.

I morgon skal eg byrja på eit nytt og betre liv  TRUR EG



fredag, januar 10, 2025

Dagbok 2025 -10.januar


 Klokka er no 18.24, temperaturen ute er minus 4 graderC, det har vore opplett i dag, men ikkje sol, trur eg.. Eg harr ikkje følgt så nøye med for eg har vore inne. Har tatt fredagsvasken og så har eg streva litt med ein sudoku som eg ikkje har greidd å løyse enno. Det er slikt som eg blir litt irritert over-og det er no berre dumt. Eg har ikkje vore lenger i dag enn ut i garasjen, for eg går ikkje tur når eg har vondt i ryggen.Dette vart mykje sutring om bagateller. Men så set eg på TV-en og då blir eg skikkeleg deppa; krig,mord, brann  og Trump. 

Det er heilt sjukt alt i hop- og så må vi belage oss på krig og ha mat og anna på lager.( Eg har ikkje gjort noko av det enno) Er det ingen som vil jobbe for FRED? Jau, det er det heilt sikkert, men dei vinn vel ikkje fram. I staden for å sette TRUMP i fengsel, der han  skulle ha vore, blir han president I USA. 

Det er litt dumt å sjå og høyre alle nyheiter når ein er åleine. Eg hugsar at mamma aldri høyrde "kveldsnytt"  når ho var åleine. Eg har ikkje vore lenger enn til garasjen og henta ved i dag, så i morgon må eg prøve å komme meg ut litt-og ikkje berre gå heime og  irritere meg.

Eg håper dei har noko litt festligare program på TV i kveld, eg ser visst for mykje nyheiter. 

Sidan det er fredag vil eg ønske meg sjølv og alle andre ei god helg .Vi har det no ganske godt her i landet enno.



torsdag, januar 09, 2025

Dagbok 2025: 9.januar

                                                        Kald januar


 Klokka er no 17.05, temperaturen ute er minus 11 grader C. Og på maskina mi står det: Temperaturen stiger. Eg håper det er sant. Det skal mykje varme til slike dagar, så det blir mykje straum og ved som går med. Eg orkar ikkje å sitte og fryse i alle fall-

I dag var eg på trening, men Marit kunne ikkje vere med i dag heller. Eg saknar å ha nokon med meg. Etter treninga var eg ein tur på ALTI. Eg skulle kjøpe garn på Europris fordi eg ikkje hadde nok til lesten eg strikka på. Eg leita ei stund før eg fann rette sorten,der var berre ein bunt att. Eg ser alltid noko eg treng når eg er å den butikken, og eg fann noko i dag også. Mellom anna noko å strø med som skal smelte is. Eg plar bruke grovsalt, men var lens for det. Då eg kom heim skulle eg prøve vidundermiddelet-og då slo ein tanke ned i meg:"Dette har eg gjort før". Så eg trur faktisk at eg har kjøpt før, utan å vere så begeistra akkurat.



I dag orka eg ikkje å gå tur, sidan eg vart så låk i ryggen i går. Men eg hadde handla på KIWI i dag så eg laga meg skikkeleg middag. Etterpå strikka eg ferdig lestene, kokte meg kaffi og sovna med koppen i handa, Det er ikkje første gongen det skjer, det kan golvteppet bevise.

I dag var det kaldt då eg køyrde nedover, og bilruta var isa på innsida. Eg har mange kostar og skraparar, men dei ligg i garasjen-ikkje i bilen. Men eg hadde ei råd, eg kunne bruke det gamle visakortet mitt, det fann eg ikkje i farten, men fann eit anna kort, og ruta vart rein. I morgon er det fredag igjen ofg så blir det helg- Eg må vel gjere ein liten innsats i morgon, men å vaske og rydde. Eg har sett av fredagen til det-og då blir det gjort.

I dag er det John Per sin fødselsdag. På den dagen brukte tante å avslutte jula med å ta ut juletreet. Det er også eit år sidan eg tok bort den tredje gipsen på handa som eg braut i fjor. Handa er bra, men ikkje heilt slik den var før.

Eg har sete lenge og slappa av i dag, og høyrt  nyheitene X gonger. Er det to karar eg ikkje har tiltru til , så er det Putin og Trump. Eg måtte fram med Atlas og sjekke, eg visste ikkje at Amerika var så nær Russland. Eg ha i alle fall ikkje tenkt over det.

                                                                 Kaldt men fint

onsdag, januar 08, 2025

Dagbok 2025: 8.januar

 

                                                   Eg stal dette bildet frå FB..Slik var det her i dag

Klokka er no 19.54, temperaturen ute er minus 10 grader, men det er kaldare der som dei les av temperaturen for Ørsta , der var det minus 13. På PC-en min står det: "Regn neste mandag". Ja, då har vi noko å sjå fram til. Og kva tid er "neste mandag" ?

Eg sov godt sist natt og morgon, er ikkje så stressa når eg ikkje skal ut på noko.

Men eg ville ut og gå tur slik som i går, og kledde godt på meg og tok staven i handa. Men eg merka fort at det var kaldare i dag. Og eg møtte ingen eg kjende i dag

 Det var sol oppe på fjellet men ho kjem ikkje ned her enno. Eg gjekk ikkje fullt så langt i dag som i går, for eg vart låk i ryggen.

Eg har no mykje eg kan gjere her heime, men i dag vart det ikkje så mykje gjort.  Ut på dagen fann eg på at eg kunne skifte på senga mi og sette i gang ein klesvask. No er heile vasken i tørketrommelen og det tek si tid. I morgon er det trening igjen og onsdag i neste veke startar spansk-kurset.

I kveld har eg sett nyheiter og det er heller ikkje så kjekt. At ikkje folk som styrer verda kan halde FRED.

I morgon skal eg altså på trening og då kan eg kjøpe garn så lestane blir ferdige og handle det eg treng. Det er godt å ha noko å gå til-og noko å gjere.Eg har mykje som skal gjerast her heime, men ikkje så lenge det er så kaldt.

Eg hadde ikkje med meg telefonen for å ta bilde i dag,og det er ikkje noko vits i å ta bilde av tunet for det har ikkje endra seg noko.

tirsdag, januar 07, 2025

Dagbok 2025: 7.januar

Fonnavegen

Klokka er no 18.20, temperaturen ute er minus 4 grader C "Kaldt ver " står det på PC-en . Ja, det er vel litt kaldt, men veldig fint og i dag skein sola litt lenger oppe i fjellsida, ho kjem ned til oss også om ikkje så lenge.,

I dag starta treninga opp att, og eg vakna 3 gonger i natt og stod opp- Eg må alltid sjå på klokka som er på kjøkkenet , dei to klokkene på nattbordet forstår eg meg ikkje på -i halvsøvne. Men då eg endeleg kom meg opp var det seinare enn vanleg., men eg kom no tidsnok til treninga. Marit kunne ikkje vere med i dag.

Då eg kom heim att slappa eg av litt, og åt, før eg bestemte meg for å gå tur. Det var så fint ute og ikkje så kaldt at ein måtte halde seg inne. Eg var låk i ryggen, men tok sjansen på at eg greidde å gå eit stykke likevel. 

Eg tok på meg dei fine vottane som eg fekk av Solveig til jul, så var det på med piggsko-og stav i eine handa. Ut Starevegen og opp Storebakken. Der trefte eg kona til Arne OLa og en mann som eg har blitt kjent med der oppe- i halvmørkna. Eg er dårleg til å kjenne att folk men eg fann no ut kven han var. Men vi vart ikkje gåande i lag , for vi gjekk motsette vegar. Eg kom på at eg ikkje hadde tatt bilde, så det første eg tok var ned Fonnavegen.

Eg lurte på om eg skulle gå den lange Olavsgata, men ryggen var ikkje verre så eg la i veg.

                                                                           Olavsgata

Olavsgata er lang, der er over 50 hus i den gata-og den er heilt flat. Der er ei liknande gate lenger nede , det er Håkonsgata. Det var vel meininga at der skulle kome ei tredje gate -Haraldsgata, men den er ikkje på Vallbøen , men lenger ute.

Eg kom no ut gata i dag også , og då var det berre å gå eit lite stykke oppover så kom eg til Starevegen. Det er ei bra runde, men fint å gå der i fint ver-og med gode vottar.

Eg har også funne fram ei god teskjorte/langerma bommulsgenser. Eg trur eg fekk den av Margrete ikkje denne jula, me jula 2023. No brukar eg den heile tida under jakker og genserar.

Eg hugsa at Eli sa at spanskundervisninga skulle starte opp att etter jul, så eg lurte på om det var i morgon. Eg fann det på FB, og det startar neste onsdag-ikkje i morgon. Viss eg held fram med spanskstudiane blir det tre dagar etter einannan eg må ut om morgonen/føremiddagen, men eg får no prøve og  sjå korleis det går. Eg har litt av kvart som skal gjerast her heime også.

No håper eg vi kan få ha litt fint ver ei stund, så kjem no sola snart også.

Eg sit mykje og strikkar framfor TV-en og ser og høyrer om det som skjer i verda-

I dag måtte eg le høgt, TRUMP kjem med lommeboka og vil kjøpe GRØNLAND-

Ja, han er no litt høflegare enn PUTIN ,då, han vil betale for seg-


                                             STAREVEGEN 7.januar

mandag, januar 06, 2025

Dagbok 2025: 6.januar Trettande dag jul . Heilage tre kongars dag


                 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er minus 3 grader 

Eg trur ikkje det har kome meir snø i dag, og eg håper at vi ikkje få snø i morgon heller, for då har eg tenkt meg på trening. No har eg hatt fri så lenge at eg blir lei av å gå her i dørene heile dagen. Det treng eg sjølvsagt ikkje å gjere og i dag hadde eg laner om å fare på byen, men eg hadde ikkje lyst å fare åleine, så eg ringde ei venninne, og ho hadde hatt lyst å vere i lag, men ho var hos bror sin i barndomsheimen langt bort på Austlandet. Men til slutt tok eg meg sjølv i nakken o kom meg ut. Eg skulle sjå ned på butikken der det var sal.Eg fann ikkje noko som freista der, men eg fann ei fin svart bestebukse, spom må berre leggast opp litt. Å seie at det var billegsal er å overdrive.(Det var ikkje nedsett pris).

Eg hadde tenkt meg på kafeen også, men det frista ikkje å gå inn åleine der, syntest eg. Så eg for heller og handla matvarer på SPAR. Eg tenkte at eg kanskje ville finne pinnekjøt der, men eg såge ikkje snurten av det. Dessverre. Eg kjøyrde Mosmarkvegen heim , som vanleg.  I dag var det utfordrande å køyre bil i såkalla "blindeføre". Men når alle prøver å køyre rett, så blir det bra.

søndag, januar 05, 2025

Dagbok 2025: 5.januar


Klokka er no 19.58, temperaturen på trappa er minus 10 grader C, men det står her på maskina at det skal bli mildare. Ja, det hadde no vore kjekt det, men for meg er det mest om å gjere å ikkje få meir snø. det er nok no. Sist natt hadde det ikkje snøddd noko, men der låg litt nysnø att frå i går. Så eg var ute ei lita stund på føremiddagen og moka litt. Eg rygga bilen opp på gata to gonger så eg var sikker på at eg kom meg av garde om eg ville. Det hadde kome litt snø etter at eg moka i går.

I dag vakna eg tidleg eit par gonger og då klokka var halv 7 stod eg like godt opp. Henta ved i garasjen og fyrte opp så det blei godt og varmt. Varmepumpa står på heile døgnet men ikkje på fullt om natta. Eg sette på TV-en og tok fram strikketøyet etter frokost, og gjorde ferdig enda eit lestepar. Når eg vaknar så tidleg kvar dag er det ikkje fordi eg legg meg tidleg. Klokka er alltid over 1 når eg legg meg, og då har eg tatt sovetablettar, likevel vaknar eg som regel tidleg.

I dag har eg vore heime åleine heile dagen , men eg var ein tur opp til Marit ei stund. Då eg kom heim att laga eg meg veldig god middag.I dag fekk eg spekesild til middag, det er omtrent det beste eg veit.Etterpå sovna eg nokre minutt i godstolen framfor TV.

Viss eg er like modig som i dag så fer eg til Vik i morgon og ser inn på butikken til Aandahl der skal det vere salg, Og så vil eg sjå inn på den nye kaffibaren i Gågata, Ja, eg har store planar men det er litt kipt å fare åleine, det er eg ikkje så vandt til.Men vi får no sjå.........


Dette er utsikta frå altanen  når eg ser nedover mot sentrum. I kveld såg eg månen, og den vil vekse seg stor no framover. Før brukte eg å moke snøen bort frå altanen, både den nedover og den store altanen på vestsida. No kan eg ikkje gjere DET meir, men det går sikkert bra likevel;  i dag er det ca 12-13 dagar til vi får att sola-håper eg i alle fall. Det kjem no litt an på veret.

lørdag, januar 04, 2025

Dagbok 2025: 4.januar


 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er minus 3 grader  og det har snødd litt i dag også, og der var mykje snø som låg att frå i går.

I dag hadde eg litt å gjere inne før eg kunne gå uyt, det var til dømes klede som skulle strykast eller i alle fall leggast vekk. Då eg var ferdig med det (og diverse anna)gjekk eg ut og begynte å ta vekk snø frå trappa først. Der var mykje so hadde samla seg opp. Eg beukte brettet og frakta snøen bor til området mellom huset og garasjen. Det varmykje som måtte vekk frå trappa og rundt trappa det det til dømes står bodd-dunkar. Det var ikkje så tungt, men det er lett for at ein slig ned i store holer. Men det gjekk rimeleg bra. Eg kunne ha moka mykje meir viss det ikkje var for ryggen min, den er ikkje heilt god, og det har eg svart på kvitt etter at eg var på MR for eit par år sidan. Men eg blir fort bra når eg kviler meg litt. Det vart ikkje gjort meir ute i  dag. Då eg kom inn att åt eg og så kveikte eg i omnen og sette meg i godstolen-og vart sittande ei stund der.

                      Her tømmer eg brettet, slik vi har gjort i alle år.

Det vart ikkje gjort så mykje meir i dag, men det kjem dagar etter denne. Eg vil berre håpe at det ikkje kjem så mykje meir snø- Det er ikkje det at eg ikkje likar å moke snø, for det gjer eg-men ikkje ryggen min.

Eg kunne sikkert ha fått ut bilen i dag, men eg måtte ikkje på butikk så då let eg det vere. Komande veke blir det trening igjen, og så startar det vel opp med spansk-kurs . Eg har ikkje bestemt meg om eg skal vere med vidare. Kurset går fram til påske og det er ei god stund;  for påska kjem seint i år,            Palmesøndag er 13. april.

Ein av dagane slkal eg i alle fall kome meg ned i GÅ-gata, for der er det opna ny kaffibar, dvs. Dei som driv den har hatt kaffibar på Lystad -hjørnet før. Og så kan eg gå på SALG rett over gata. Men eg må ha einkvan med meg; eg likar ikkje å gå åleine .

No får eg sjå om det er noko kjekt på TV i kveld. Eg gløymde å skrive "God helg" i går , så no skriv eg det i dag.

                        GOD  HELG!

PS:Om to veker kan vi få att sola!

Dagbok 2025: 10.april

Klokka er no 16.10, temperaturen ute er +6 grader og det regnar MYKJE.Eg kom nettopp att frå Vik -der måtte eg gå med paraply i dag ,eg park...