Klokka er no 20.33, ute er det overskya og +3 grader. Det er heilt mørkt så det er ikkje så mykje å sjå .
I dag var vi på tening og Marit var med. Etterpå handla vi på KIWI. Det var kjekt å vere to, så eg håpenr vi kan halde fram med det.
Då eg kom heim tok eg ein tur på Vernet med det same eg hadde kleda på meg. Eg går med stav no, kvar dag og det gjer eg for å halde ryggen oppe, mellom anna. Eg går stødigare med stav i ulent terreng, så i dag gjekk eg opp mot skogen for å ta bilde av Vernet på avstand.Eg hadde ikkje gått der utan stav.
Det var litt regn og skodde i dag så bilda vart ikkje så klåre.Då eg kom heim tolk eg meg litt mat, og så måtte eg løyse sudokuen i avisa,. Det tok litt tid i dag,ikkje alle dagar eg er like klår i toppen. Men eg kom i mål. Elles har eg sett TV og strikka, men også sett litt på spansk-leksa til i morgon.
Då eg sat og såg TV merka eg brått at bildet som brukar å henge på veggen over TV-en var borte. Det er ein akvarell av Ingeborg Lystad. Eg såg bak TV-bordet og der stod bildet fint attmed veggen, heilt uskada. Det var opphenget som hadde svikta, så eg må lage eit nytt.
Eg har sete lenge og sett TV og strikka, eg likar ikkje heilt alt som skjer i USA. Eg er redd for at TRUP og MUSK finn på noko dumt og farleg.
I morgon er det altså Spansk igjen, eg får prøve å henge med ei lita stund til-kanskje? Elles skjer det ikkje så mykje her hos meg -og det er kanskje like godt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar