Klokka er no 20.08. temperatuen ute er+1 grad og det er så å seie overskya.
Dette har ikkje vore verdens kjekkaste dag, men det har ikkje hendt noko skikkeleg gale heller, berre småting som ein irriterer seg over. Men det blir snart gløymt.
I dag skulle eg på Spanskkurs, men eg trong ikkje stå tidleg opp for vi begynner ikkje før klokka 11. Eg køyrde no nedover i god tid, men då eg vel hadde parkert, såg eg ned i nettet mitt-og der var ikkje boka som eg skulle bruke. Full fart heim att og hente boka, og eg kom fram i god tid. Men då eg kom heim att hadde eg ikkje boka med, den låg att på "klasserommet", men Eli tek vare på den, så hentar eg den i morgon. Eg får ikkje gjort leksa til neste gong utan bok. Då eg kom heim att sette eg meg til å reinskrive det vi hadde jobba med i dag.Så då jobba eg godt ei stund.
Elles har eg vaska klede og tørka i trommelen, så er det gjort. Og så er det TV-i går sat eg 2,5 timar og såg på TRUMP- han er no heilt gal! Han var ikkje betre i dag heller. Eg er så sjokka over han at eg har ikkje ord for det. Og det er ikkje berre Amerika han kan øydelegge for-no trur han visst at han eig heile kloden.
Einar som jobbar i NRK for tida,fekk eg ikkje sjå, men eg fekk høyre han og det var kjekt. Dei skrytte av han då han jobba i radioen i Ålesund. Då var der eldre folk som var så fornøgde fordi han snakka så klårt og tydeleg.
At eg ikkje har gått tur i dag kjem ikkje av latskap, men eg har litt vondt i det høgre kneet, så eg vil vere forsiktig. Har ikkje lyst å ha att kneplagene som eg hadde i 2018-19 og enda lenger.
I morgon er det trening igjen, men så er eg fri resten av veka.
Eg har snart ikkje ved igjen, og han som brukar å halde meg med vinterved driv ikkje med slikt lenger. Men eg får vel tak i ved ein eller annan stad. Det er ikkje så mykje eg treng, for når eg først har fått opp temperaturen greier varmepumpa resten. Og no har vi sol viss det klårnar opp og blir kaldt. Den einaste månaden i året som er lang-det er januar. Og den er ikkje slutt enno.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar