onsdag, januar 08, 2025

Dagbok 2025: 8.januar

 

                                                   Eg stal dette bildet frå FB..Slik var det her i dag

Klokka er no 19.54, temperaturen ute er minus 10 grader, men det er kaldare der som dei les av temperaturen for Ørsta , der var det minus 13. På PC-en min står det: "Regn neste mandag". Ja, då har vi noko å sjå fram til. Og kva tid er "neste mandag" ?

Eg sov godt sist natt og morgon, er ikkje så stressa når eg ikkje skal ut på noko.

Men eg ville ut og gå tur slik som i går, og kledde godt på meg og tok staven i handa. Men eg merka fort at det var kaldare i dag. Og eg møtte ingen eg kjende i dag

 Det var sol oppe på fjellet men ho kjem ikkje ned her enno. Eg gjekk ikkje fullt så langt i dag som i går, for eg vart låk i ryggen.

Eg har no mykje eg kan gjere her heime, men i dag vart det ikkje så mykje gjort.  Ut på dagen fann eg på at eg kunne skifte på senga mi og sette i gang ein klesvask. No er heile vasken i tørketrommelen og det tek si tid. I morgon er det trening igjen og onsdag i neste veke startar spansk-kurset.

I kveld har eg sett nyheiter og det er heller ikkje så kjekt. At ikkje folk som styrer verda kan halde FRED.

I morgon skal eg altså på trening og då kan eg kjøpe garn så lestane blir ferdige og handle det eg treng. Det er godt å ha noko å gå til-og noko å gjere.Eg har mykje som skal gjerast her heime, men ikkje så lenge det er så kaldt.

Eg hadde ikkje med meg telefonen for å ta bilde i dag,og det er ikkje noko vits i å ta bilde av tunet for det har ikkje endra seg noko.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...