Klokka er no 19.46, temperaturen ute er +6 grader og det regnar; det har det visst gjort i heile dag. Men eg har hatt ein kjekk dag uansett.
Eg var i tvil om eg skulle starte opp att med spansken, men bestemte meg for å prøve. Dei siste åra har vi vore på Bakk-Ola og, der sat vi litt trangt, men no hadde Eli greidd å få oss rom på Ørstahallen. Der hadde eg vore berre ein gong før og den gongen berre så vidt inn for døra.Men Einar har snakka om denne flotte hallen-
Då eg kom i dag møtte eg ei som vaska der og sa kva eg skulle. Ho vart med meg opp alle trappene og inn på rommet som vi skulle ha. Det var stort og lyst og hadde ein stor TV-skjerm på veggen . Der var stolar og bord, for rommet vart brukt til klasserom for dei eldste elevane før den nye Velle skule vart tatt i bruk. Eg vil seie at eg likte mykje betre denne "skulen" . Eg var med dei første som kom og etter kvart kom dei som eg har vore i lag med før pluss nokre heilt nye. Ergo får vi begynne på begynnelsen igjen, og det passar meg bra, for då heng eg no med ei stund i alle fall. Vi som har vore med på dette nokre år kjenner kvarandre godt og eg trur det blir kjekt å vere der vi skal vere no.
Etter "Spansken" køyrde eg bort til Alti , parkerte bilen og gjekk opp i gata.Der fann eg den nye kaféen og Ragnhild som venta på meg. Vi måtte vente litt for å få sitteplass, der var mykje folk, mange småbarnsmødre til dømes. Dei som driv kafeen har hatt kafe i Ørsta før, men så vart dei huslause. Og no har dei starta opp att-og så skal det bli liv i gågata igjen.
Det silregna framleis då vi kom ut, men eg fann no att bilen så eg kom meg heim.
Då eg vel var heime begynte eg å kjenne på at eg hadde rusk i høgre auget, og eg leita fram ei tube som eg hadde hatt medisin på før, men den var tom.
Så måtte eg bruke fantasien, så eg skrella og skar opp ein stor løk. Tenkte at då skulle tårene renne. Men det hjelpte ikkje, så steikte eg løken, det hjelpte heller ikkje. Eg gav meg på det, men viss det ikkje er bra i morgon, blir det tur på apoteket. Til middag steikte eg pølser, og så hadde eg løk + ei brødskive.
Eg har sete og strikka og sett TV, eg følgjer mykje med på nyheitene no, eg synest det er litt skummelt i verda. Og eg har ikkje tru på Trump.
I morgon er det trening, på denne tida av året er det godt å ha noko å gå til.
No harr telefonen lagt på ladding sidan eg kom heim, så no er det kanskje råd å ta eit bilde.
Der kom ei melding på telefonen min om at kortet mitt snart var utøløpt (eller noko slikt) Eg veit ikkje kva det betyr eller kva eg skal gjere og eg veit ikkje om noko kort.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar