Eg stod opp til normal tid i dag, og etter frokost jobba eg litt med spanskleksa.Det er noko vi skal lære utanåt. Å lære utanboks var enkelt for meg i heile barndommen og ungdommen. Slik er det ikkje lenger. Eg greier det sjølvsagt, men eg treng mykje trening.Særleg når det er spansk!
Eg begynte å strikke på ein lest i går kveld og heldt fram i dag. Eg kan ikkje sjå tV utan å strikke-må "ha noko på hendene".Margrete kom med lestegarn til meg i går, så no har eg arbeid lenge.Trur eg.
Då det ikkje var meir eg ville sjå på NRK-TV sette eg på You tube musikk. Dei brukar å lage fine "konsertar" til meg, men i dag overgjekk dei seg sjølve, så mykje fin musikk som eg likte! Det aller finaste var "Island in the sun"med ein som eg ikkje har sett før.
Det er kanskje KI som lagar listene? Kva veit eg,
Til middag i dag hadde eg favoritten min, spekesild ! Ingen ting er betre enn det.Det er slett ikkje kvar dag eg lagar middagsmat, så då smakar det enda betre. Eg blir sjølvsagt tørst og må drikke mykje resten av dagen, men eg har no slikt å gjere. I dag er eg ikkje låk i kneet, så det hjelpte kanskje at eg var meir i ro nokre dagar, men eg kan no ikkje sitte i ro alle dagar. I dag frista det ikkje så mykje å gå ut. Det er eit rart januar-ver i år, det er no då vi brukar å ha vinter
No skal eg koke meg ein kaffikopp., kanskje det er bra for tørsten? Og så blir det meir TV og strikk.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar