tirsdag, januar 28, 2025

Dagbok 2025: 28.januar

                                             Utsikt mot Mosmarka klokka 16.35 i dag
 

Klokka er no 16.50, temperaturen ute på trappa er 0 grader og det er nesten klårt ute, det har det ikkje vore før i dag, men det har ikkje regna heller, trur eg. Eg kan aldri hugse at vi har hatt så skiftande ver i januar nokon gong før. 

I dag var vi på trening igjen,Marit og eg, og vi handla på heimvegen som vanleg.

I dag har eg vore uvanleg trøtt heile tida, så det har ikkje blitt gjort mykje. Eg prøvde å jobbe litt med spansken, men eg er ikkje sikker på om eg vil halde fram med studiet. Eg synest det går tregt, og det er vel ikkje så rart-eg blir snart 85 år så det er kanskje best å legge studiane på hylla. Men eg synest det har vor kjekt, og litt har eg no lært.

I postkassa mi var det fullt i dag, for eg hadde ikkje tatt inn fredagsavisa, så der var to Møre-Nytt i tillegg til "Pensjonisten". Litt å gå igjennom der også.

Eg er veldig trøtt i dag, utan at eg veit kvifor. Eg skulle kanskje ha gått ein tur ute i frisk luft, men så var det alt eg skulle gjere inne, med aviser,

strikketøy, fyring m.m. 

Men eg er eigentleg frisk og rask-berre litt trøtt.



                         Utsikt frå altanen mot fjorden ca kl16.45

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...