mandag, oktober 07, 2024

Dagbok 2024:7.oktober


 Klokka er no 19.00, temperaturen ute er +9 grader C, det er skyer og skodde, men opplett. Eg kan ikkje hugse at vi nokon gong har hatt så mykje skodde som i år-

I dag hadde eg bestemt meg for å komme meg ut, og tok turen min på Vernet først best. Sjølv om eg var nokså tidleg ute, var der mange andre ute og gjekk , men ingen eg kjende. Eg kjenner ikkje så mykje folk i Ørsta no lenger, det var annleis den tida eg var i jobb, då kjende eg både små og store.

Ungdomskule-elevane hadde laga nye "plakatar" til å henge opp , det er no litt artig.(Ja eg veit ikkje om det er dei som har gjort det, men det var dei som laga dei første i alle fall)


Då eg kom heim las eg ferdig boka til Arill Riise, den var fin, kjekt å lese den.

Men så måtte eg komme med i arbeid. Det vil seie at eg fylte bilen med sekker med kvistar frå hageryddinga. Ein stor sekk i baksetet og 6-7 mindre sekker i bagasjerommet, og så var det å køyre på VØR- Eg er glad vi har VØR for før måtte vi male alt av kvist og kvas på ei kvern før vi la det i komposten. Det vart så altfor mykje også. Kompostkverna mi takka for seg ein gong eg mol opp noko granbar, akkurat då eg var ferdig, la kverna seg på sida og røyste seg aldri meir.

Eg var svolten då eg kom heim, så eg fann meg litt mat her og der, eg er ikkje så nøye på kva eg et til vanleg. Eg måtte også sjå litt TV og strikke litt på ein lest. Men så tok arbeidslysta tak i meg, så eg gjekk ut og klipte plen, både rundt huset og i Skråninga.Eg spylte klipparen , for det kan hende det var siste klippen i år, og då er det bra ar klipparen er rein. 

Eg har kontakt med Marit på Messenger, ho ligg framleis på sjukehuset og det er uvisst kva tid ho kjem heim. Men ho har det godt, dei er snille og flinke og ho får litt trening og god mat. Ho er rett nok litt eldre enn eg, men eg ser at eg er heldig som er såpass i form. I morgon skal eg på trening, men torsdag er eg fri-





Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...