tirsdag, oktober 08, 2024

Dagbok 2024: 8.oktober

 

                                                        Utsikt frå trappa

Klokka er no 16.22,ute er det skodde og regn så det er godt eg fekk gjort litt i hagen i går, i dag er der ikkje verande.Eg sov dårleg sist natt, så no har eg sete og halvsove framfor tv-en ei stund. Eg har tatt inn avisa, men ikkje lese den enno, det er neste post på programmet.Sudokuen tok eg før eg la meg i går kveld.

I dag måtte eg fare åleine på trening, for Marit er framleis på sjukehuset, men vi har kontakt på nettet heile tida, slik vi brukar å ha når vi begge er heime. På heimvegen frå treninga var eg innom KIWI og handla , som vanleg, og då eg kom heim gjekk eg på Vernet slik eg plar. Men eg vart gåande å snufse heile tida, heilt til eg kom ned att på vegen. Ikkje så mange å sjå på Vernet i dag,men eg fekk no mosjonsrunda mi i alle fall.

Då eg kom heim att laga eg middag, i dag laga eg potetstappe og steikte pølser. Passa på å lage så mykje at eg har i morgon også. Det er litt kjedelig å lage mat berre til seg sjølv, men det går bra for eg har framleis ein glupande appetitt, slik eg alltid har hatt.

Eg sit og ser ut på all skodda, kvar kjem den frå? Litt sørgeleg at det vart så dårleg ver no når skuleborna og lærarane har haustferie. Håper naboane har det fint på cruise. Eg skulle også gjerne ha hatt litt meir tid i hagen, for eg er ikkje ferdig å rydde opp til vineteren enno, men eg håper at eg er ferdig å klippe plen.

Eg har ikkje noko interessant å berette no når eg stort sett berre går her heime, men eg er godt fornøgd med å ha det slik. Det er berre veret eg ikkje likar akkurat no.



                                         
        Utsikt frå altanen. Når lauvet fell av trea får vi sjå fjorden litt betre. Eg likar å sjå fjorden. Heime på Eid såg vi også fjorden, men der var den nærmare.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...