onsdag, oktober 09, 2024

Dagbok 2024: 9.oktober


 Klokka er no 19.47, temperaturen ute på trappa er+7 grader, og vi har hatt ein dag med skyer og regn. Eg tok turen på Vernet først i dag; sjølv om det ikkje er så stålande ver så synest eg det er fint å komme ut i naturen, sjå haustfargar  og alt anna som er rundt ein, små bekker og større elv m.m. Dette er slikt som eg etter kvart har blitt glad i.

Då eg kom heim frå turen, lessa eg inn tomme brusflasker i bilen og køyrde på butikken, der eg vart fri tomflaskene og fekk kjøpt det eg skulle ha. Det vart litt i dag også. Elles har eg rydda litt i huset etc. Eg laga svelerøre, for eg venta besøk av Solveig i dag. Middag vart det også, det var restar frå i går. 

Eg set mykje framfor PC-en og ser og høyrer på   "Reels and short videos"  når eg har god tid, og så strikkar eg sjølvsagt - og ser TV. Solveig kom klokka 17, som avtalt, og hadde med seg ein fin blomst til meg, noko som alltid er kjærkome.

 Eg er veldig glad i blomster men ikkje så flink å stelle dei, eg prøver å bli betre til det.

Kjekt å ha besøk av jentene, dei har no skulefri denne veka så då har dei litt ekstra tid.

No ser eg at Marit er komen heim att, så får vi håpe at ho blir så bra at vi kan finne på noko. Eg meinte det skulle vere Pensjonistmøte i oktober, så eg får sjekke avisa. Eg treng å komme meg ut blant folk av og til. I morgon skal eg ikkje på trening, då er det ferie der.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...