torsdag, oktober 10, 2024

Dagbok 2024: 10.oktober

 


Klokka er no 16.47, temperaturen ute er +8 grader C. I dag vakna eg opp til snø i fjella igjen, men så kom det sol også, så det vart fint. Eg hadde ikkje noko spesielt eg skulle gjere i dag, for eg har haustferie frå treninga. Derfor gjekk eg på Vernet først best. Det var fint der oppe også i dag,

Eg hadde ingen spesiell plan for dagen i dag, og det var bra, for rett som det var fekk eg besøk av to unge gutar, brødrene Eirik og Erlend kom hit i Amanda sin bil etter at dei hadde sett henne av i Volda. Ho skulle på "skule", men hunden hennar fekk vere med til Ørsta. Det var veldig kjekt å få besøk ,  eg hadde lite å by på i dag men eg hadde i ale fall kaffi om ikkje anna. Det er alltid kjekt å prate med barnebarna og få høyre kva dei driv med. Eirik har no jobb som musikklærar på ein skule i Trondheim, og han likar seg godt. Erlend bur no eigentleg her i huset mitt, men det er ikkje så ofte han eg innom meg. Han har hatt mange spelejobbar i seinare tid.

Det store kjøle-/fryseskapet som han  har arva etter meg, er no heilt utbrukt, så eg har sagt at han kan få det vesle skapet som stod i vaskekjellaren, og det ville han ha no. Etter at dei hadde reist gjekk ned i kjellaren og greidde å få kjøleskapet ut åleine. Tanken var at Erlend og eg i lag skulle få det på plass. Men så kom eg på at Erlend sikkert blir hos Margrete i kveld, så då står eg der. Eg funderer på korleis eg skal få kjøleskapet  bort til døra til kjellarleilegheita. Det er no verken stort eller tungt, men eg greier sjølvsagt ikkje å bere der. Så no er rådyra gode. I verste fall får det stå ute over natta, men då må eg pakke det inn. Det hadde vore ein god ide å tenkje før ein handlar.

                 Det er fint å sitte på ein benk på Fonnvernet og sjå dei kvite fjella i                                                      Dalsfjorden


                             Haustfargane tek over, det er lite grønt att

P.S- Eg fekk kjøleskapet opp på ei plast- plate som eg hadde, og greidde å flytte det,så no står det under altanen ,utafor soveromsglaset til Erlend. Det gjeld å ikkje gi opp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...