fredag, oktober 11, 2024

Dagbok 2014: 11.oktober

Klokka er no 18.05, temperaturen ute er +3 grader. Det har vore ein del regn i dag og snøen ligg på fjelltoppane. Eg likar det ikkje, men kan ikkje gjere noko med det. Eg har ikkje gått på Vernet i dag, men mosjonerte aldri så lite med golv-vask m.m. 

Elles har eg ikkje gjort så mykje, eg har laga meg litt mat, og så greidde eg til slutt å få ferdig sudokuen. Det er viktig for meg å klare den, men det tek litt tid.

Marit er heime no og relativt frisk, men ho kan ikkje gå ut enno, trur eg. Eg tok ein tur opp til henne såpass vi fekk prata oss litt tomme, både ho og eg. Vi fann ut at det skal vere feiring av Eldredagen komande tysdag på Kulturhuset. Ho kan ikkje gå, så  eg må vel gå åleine då, men eg kjenner mange så det er ikkje problem. Har no godt av å komme meg ut i lag med "folk". 

Det var fint og ryddig på plenen eit par dagar, men no har plommetreet kasta frå seg mykje lauv igjen, det tek visst aldri slutt- Det treet skal klippast ganske kraftig når eg får nokon til å hjelpe meg med det. Eg gjer mykje sjølv, men eg likar ikkje så godt motorsaga. I alle fall om ein må opp i høgda. Eg har mykje som skulle ha vore gjort før snøen og vinteren kjem, men det blir vel ei råd.

Eg har litt dårleg samvit for at eg har vore så lat i dag og ikkje vore ute, men eg skal prøve å vere flinkare i morgon. Då må eg i alle fall handle inn diverse matvarer, for no er det tomt både for det eine og det andre.

Eg synest at fredagane kjem veldig ofte, men eg vil ønske alle ei fin helg. Eg tenkte at eg kunne ta ein tur på Plantasjen for å sjå om dei har fått fram julepynten.


 

               Når alt lauvet fell av trea, får vi mykje betre utsikt til fjorden

Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...