lørdag, oktober 12, 2024

Dagbok 2024: 12.oktober

Det var litt av eit syn som møtte meg då eg stod opp i dag; snø langt ned etter fjellsidene og strålande sol

 Men snøen gjer meg ikkje noko så lenge han held seg borte frå bilvegane, for eg har ikkje vinterdekk enno. Eg hadde ikkje så mange planar for dagen, men eg kom meg no ut og fekk gå ein runde på Vernet før eg tok ein tur på butikken. Det blei KIWI i dag også, for det er ikkje så kjekt å fare til Vik eller til Furene åleine, så det får bli ein annan gong.

Eg handla ein god del mat i dag, for eg hadde ikkje så mykje  på lager. Så då eg kom heim att laga eg eit enkelt måltid  med brød og pålegg.

Etterpå sette eg meg inn og såg TV og strikka, eg trur eg var borti og sov litt også. Eg har mykje eg skulle ha gjort inne, for eg ha jobba mest ute i heile sommarhalvåret, så eg har litt å ta att.

Komande veke skal eg på trening tysdag før middag og på Pensjonistmøte  på ettermiddagen.Det er eit litt spesielt møte sidan det er Den internasjonale eldredagen.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2014:15.oktober

 Klokka er no18.06,temperaturen ute er +10 grader. Det har vore ein fin dag utan regn, men heller ikkje så mykje sol. Snøen har smelta mykje...